Krav om oppreising for offera i Sør-Korea.

Demonstrantar krev oppreising for offera og ei forklaring frå styresmaktene for overgrepa på Brødreheimen i Busan i Sør-Korea.

Foto: AP

- Valdtekt og drap var dagelegdags

OL i Seoul i 1988 skulle vise verda at Sør-Korea var eit moderne land. No kjem det fram fleire tusen heimlause, mange av dei born, i åra før leikane vart samla opp i leirar der drap, valdtekt og mishandling var ein del av kvardagen.

Det har vore mykje snakk om fangeleirar med umenneskelege forhold i Nord-Korea. No er det avdekt at også nabolandet Sør-Korea har sitt å stå til rette for på dette området.

Choi Seung-woo var 14 år gammal og heimlaus, eit såkalla gatebarn. Han hamna i leiren Brothers Home, Brødreheimen, i Busan så tidleg som i 1982. Han og fleire andre har fortalt historia si til journalistar frå nyheitsbyrået Ap sitt kontor i Sør-Korea.

Choi Seung-woo.

Choi Seung-woo har fortalt om tortur og mishandling gjennom mange år i leiren i Busan.

Foto: AP

Choi Seung-woo fortel at marerittet starta då ein politimann skulda han for å ha stole eit brød. Sjølv godt over 30 år seinare greier ikkje å snakke om det utan å gråte. Han fortel om politimannen som drog ned buksene hans og heldt ein tent sigarettennar opp mot kjønnsorganet hans.

Brødreheimen

Torturen varte heilt til Choi tilstod å ha stole brødet, sjølv om han aldri hadde gjort det. Seinare vart han henta at to menn utstyrte med køller, fortel han, og så sendt av garde til Brødreheimen oppe i fjella ved storbyen Busan.

Inne i denne leiren skjedde ein del av dei verste brota på menneskerettane i historia til Sør-Korea, ifølgje Ap. Choi Seung-woo er eitt av vitna som no fortel verda om kva som skjedde der.

Alt første natta vart Choi valdteken av ei av vaktene på sovesalen. Sidan heldt valdtektene fram natt etter natt. Det var starten på fem år med slavearbeid og så godt som dagleg mishandling.

Han fortel at han såg at både kvinner og menn vart slegne i hel, og at lika vart frakta bort som om det var søppel.

Brødreheimen i Busan i Sør-Korea.

Det kjem fram groteske opplysningar om forholda i Brødreheimen i Busan i Sør-Korea.

Foto: null / Ap

Choi er ein av fleire tusen som hamna i Brødreheimen eller i andre liknande institusjonar og leirar i åra før OL i Seoul. Det var mange vaksne heimlause og alkoholikarar, men flest born og funksjonshemma.

Offentleg gransking

Ap har slått fast at det var fleire titals slike leirar i Sør-Korea, og at Brødreheimen utanfor Busan var den største. Fleire hundre dokument og mange intervju med både tilsette og innsette viser at overgrepa i desse leirane vart langt verre og meir omfattande enn det som tidlegare har vore kjent.

Tidlegare forsøk på gransking har vorte hindra av høgtståande tenestemenn i det sørkoreanske regjeringsapparatet, ifølgje Ap. Ingen er stilt til ansvar for det som har skjedd, og det har alt kome krav om ei ny offentleg gransking av det som skjedde i desse arbeidsleiarane.

Den noverande regjeringa i landet er ikkje interessert i ei ny gransking, og viser til at det rundt 2005 vart sett ned ein kommisjon som skulle sjå på tidlegare brot på menneskerettane i landet.

– Dei burde ha fortalt om opplevingane sine til denne kommisjonen. Vi kan ikkje lage nye lover for alle hendingar, for det har vore mange brot på menneskerettane etter Korea-krigen, seier Ahn Jeong-tae, ein tenestemann i innanriksdepartementet.

Lee Chae-sik og Choi Seung-woo

Choi Seung-woo (t.v.) og Lee Chae-sik er to av dei som har stått fram med historiene sine frå Brødreheimen i Busan.

Foto: AP

– Høyr på oss!

– Regjeringa har heile tida prøvd å halde det som skjedde skjult. Korleis kan vi kjempe mot det? Om vi fortalde det vi hadde opplevd, var det noko som ville høyre på oss? Eg vil klage, eg er desperat etter å fortelje historia mi. Ver snille og høyr på oss, seier Choi Seung-woo.

Han har fleire sjølvmordsforsøk bak seg, og han går fast til psykolog for å få hjelp til å arbeide med trauma sine.

Bakteppet på det som skjedde i desse leiarane er den politiske situasjonen i landet etter Korea-krigen frå 1950 til 1953. Landet var sterkt øydelagt av krigen, og før krigen var det eit knallhardt japansk kolonistyre i 40 år.

Heilt opp til 1980-talet var Sør-Korea eit militærdiktatur der målet om økonomisk utvikling var viktigare enn noko anna. Alt i 1975 gav den dåverande diktatoren, Park Chung-hee, som var faren til noverande president Park Geun-hye, ordre om at dei heimlause skulle fjernast frå gatene.

Politiet, med god hjelp frå butikkeigarar, tok oppgåva på alvor. Dei tok også med seg småhandlarar, funksjonshemma, gateborn, vaksne heimlause og politiske dissidentar. Det var desse som hamna i leirar som Brødreheimen i Busan.

Park In-keun (t.h.) saman med Chun Doo-hwan.

Eigaren og sjefen i parken, Park In-keun (t.h.) vart heidra for innsatsen sin av den dåverande diktatoren Chun Doo-hwan.

Foto: AP

Høge betongveggar

I 1986 sat 16.000 menneske i slike arbeidsleirar, ei nær fordobling frå fem år før. 4000 av dei var på Brødreheimen.

Brødreheimen, med sine høge betongveggar, var godt synleg i fjellsida ovanfor hamnebyen Busan sør i landet. Dei same betongveggane hindra dei innsette i å sjå omverda. Vakter med køller og hundar patruljerte leirområdet kontinuerleg.

Inne på området var det minst 20 fabrikkar. Dei produserte trevarer, metallvarer, klede, sko og andre varer. Det meste vart eksportert til USA, Japan og Europa. Lønnsutgiftene var minimale, og prisane var såleis svært konkurransedyktige.

I teorien skulle arbeidet som vart gjort i leiren vere opplæring av innsette, slik at dei kunne gå ut i lønna arbeid når dei kom tilbake til samfunnet igjen. Dette fekk eigarane betalt av styresmaktene for. I realiteten var fabrikkane på Brødreheimen ein gigantisk pengemaskin for eigarane.

Lee Chae-sik var 13 år då han vart sendt til Brødreheimen etter å ha hatt problem med skulen. Den første jobben hans der var på sjukestova, og heilt utan medisinsk forkunnskap fekk han, saman med andre like uerfarne, ansvar for å skifte bandasje på alvorleg sjuke med sårinfeksjonar.

– Eit helvete i helvete

– Dei skreik i smerte, men vi kunne ikkje hjelpe dei. Det var eit helvete i helvete. Pasientane var berre plasserte der for å døy, seier han til Ap.

Han skildrar forferdelege forhold på Brødreheimen. Eldre og større og sterkare innsette valdtok dei mindre og yngre, og stal maten deira. Også vaktene valdtok. Lee fortel at han prøvde å ta livet sitt etter å ha vorte valdteken av ei vakt.

Seinare vart han assistenten til ein innsett som avanserte til sjefsvakt, og som vart den mest frykta av alle vaktene. Han opplevde innsette som vart slått i hel, og som vart gravlagde i umerka graver i skogen utanfor leirområdet.

Historiene er mange, og dei handlar om det same. Vald, mishandling og slavearbeid. Leiren var eit terrorregime, og eigaren, Park In-keun dreiv leiren med jernhand.

– Leiren var kongeriket til Park, og han regjerte med vald, seier ein tidlegare innsett om eigaren og sjefen.

Eigaren vart heidra

Det høyrer med til historia at Park fekk to medaljar frå sørkoreanske styresmakter for innsatsen sin for funksjonshemma og dei utstøytte i samfunnet. Han likte å framstille seg sjølv som ein idealist som ofra seg for dei vanskelegstilte, men vitneprova frå innsette fortel ei heilt anna historie.

For dei var Brødreheimen ikkje noko anna enn ein konsentrasjonsleir.

Dokument viser at dei fleste som kom til leiren hadde god helse. Likevel døydde 15 innsette i løpet av ein månad etter at dei kom dit, i 1985, og i 1986 var talet 22. Dei fleste dødsfalla skuldast hjartefeil eller generelt dårleg helse, ifølgje dei offisielle dødsattestane.

Brødreheimen i Busan vart lagt ned på slutten a 1980-talet, etter at ein vaken etterforskingsleiar i ein naboby slo alarm om forholda. Eigaren av leiren vart dømd til to og eit halvt års fengsel for underslag og brot på bygningslovene og valutalovene, men han vart frikjent for valdsbruk.

To vakter fekk også kortare straffer for det som skjedde i leiren.

Undersøkjer funn av menneskebein ved Brødreheimen.

Det vart funne over 100 bein frå menneske i jorda like utanfor Brødreheimen i Busan.

Foto: null / AP

Stengde i 1988

Lee Chae-sik.

Lee Chae-sik fortel om forferdelege opplevingar på Brødreheimen.

Foto: AP

Brødreheimen stengde for godt i 1988. Etter å ha sona fengselsstraffa heldt eigaren Park fram med å tene pengar på leiren, då han selde området til eit entreprenørselskap for rundt 190 millionar kroner.

I dag er det bustadblokker på leirområdet. Då grunnarbeidet gjekk føre seg på 1990-talet vart det funne over 100 menneskebein i jorda på eit område like utanfor der leiren låg.

Lee-Chae-sik og Choi Seung-woo trur det enno kan liggje leivningar av fleire hundre menneske i skogsområdet.

Dei som kom seg ut av leiren i live enda ofte opp i psykiatriske institusjonar og i herberge for heimlause. Mange slit med alkoholisme, depresjonar, skam og fattigdom.

Dei som har stått fram med historia si ynskjer ei orsaking frå styresmaktene, og at dei vedgår å ha oppmoda politiet til å bortføre og stengje inne menneske utan grunn.

– Korleis kan vi gløyme smerta frå valdsbruken, dei døde menneska, slavearbeidet, frykta og alle dei vonde minna, seier Lee Chae-sik.

busan