Hopp til innhold
Korrespondentbrev

Xiaoxiao kostar familien 3,7 millionar kroner

BEIJING (NRK): Femåringen ønsker seg søsken, men dei fleste kinesiske familiane nøyer seg med eitt barn. Den største årsaka er at barna kostar flesk.

Kinesiske foreldre vel seg ofte eitt barn, ikkje fleire

EINEBARN: Xiaoxiao ønskjer seg søsken, men er førebels einebarn.

Foto: Kjersti Strømmen

Fem år gamle Xiaoxiao er sjarmerande som få. Ein skikkeleg hjarteknusar, om ho vil. Kinesiske barn blir kalla prinsar og prinsesser, og når ho denne dagen blir henta av farfar, er ho kledd nettopp som det.

I ein lilla kjole, med glittersko, fletter i håret, og eit stort smil, trippar ho ned trappene frå den private barnehagen.

Hand i hand i kvardagen, med farfar
Foto: Kjersti Strømmen
Foto: Kjersti Strømmen

Eit pengesluk

Allereie her er ho ein typisk representant for det kinesarane kallar sine barn: eitt pengesluk. Den private barnehagen kostar rundt 140.000 norske kroner i året.

I bilen seier ho med ein søt og litt klagande stemme, at det er litt varmt, og når farfar straks svarer at han skal skru på aircondition, skin det vesle andletet av triumf.

Ho viser meg stolt ein fargerik papir-tulipan ho har laga til si mor. Eg spør henne om det er riktig at ho er einebarn.

Xiaoxiao svarer ja, men at dette er noko ho vil snakka med mora om. Ho ønsker seg søsken.

Det ville nok bli litt mykje mas og støy, fortel ho, men likevel, ho vil gjerne ha ein bror eller ei søster.

Farfar lager mat til barnebarnet i hverdagen
Foto: Kjersti Strømmen
Foto: Kjersti Strømmen

Næringsrik

Ti minuttar seinare er me framme, og farfar parkerer bilen på gata utanfor der Xiaoxiao bur. Inne på gardsplassen peikar ho på eit vindauge og fortel at dette er soverommet hennar, der, pynta med sjølve julenissen i vindauget.

Foreldra har kjøpt leilegheit sentralt i Beijing, og plassen er nøye utvalt med tanke på best moglege oppvekstkår for jenta.

Kinas hovudstad kom i 2019 på ei liste over verdas ti dyraste byar å bu i, og det er difor ikkje overraskande at leilegheita i første etasje er verdt ti millionar kroner.

Vel heime drar Xiaoxiao fram leiker medan farfar lagar mat på kjøkenet. Han har melboller med reker klare, og no har han sopp, bambusrøter og purreløk oppi suppa.

Det er viktig å gi barnet næringsrik mat, ikkje minst no, når ho er i ein viktig vekstfase, fortel han.

Xiaoxiao og farfar er mykje saman

Farfar og Xiaoxiao

Foto: Kjersti Strømmen

Farfar og Xiaoxiao

Foto: Kjersti Strømmen

– Kom då Xiaoxiao, no skal me eta, roper han mildt, medan han plasserer maten på bordet.

Han spør om ho liker maten. Jenta et ivrig med pinnane sine, men farfar får ikkje svar, anna enn eit ørlite nikk kanskje, når han spør om det smaker.

Bøter

Han følgjer henne med eit blikk som vitnar om sprekkeferdig stoltheit og grenselaus kjærleik.

– Xiaoxiao er den alt dreier seg om i vår familie. Ho er kjernen i alt som skjer, og for alle. Ikkje berre for foreldra og besteforeldra på båe sider, men også mormor sine søstrer bryr seg ein haug om deg, ikkje sant Xiaoxiao?

Det er generelt få barn i kinesiske familiar.

For seks år sidan avslutta Kina den såkalla eittbarnspolitikken, som blei innført i 1976 for å bremsa befolkningsveksten.

Minoritetar var unntatt denne politikken, men han-kinesarar, som fekk fleire barn i denne perioden, kunne bli straffa med store bøter.

Folk kunne mista jobben, eller blei tvungne til å abortera. Desse ekstra ungane blei ikkje ført inn i manntal, og mange av dei måtte ta til takke med undergrunnsskular.

Xiaoxiao har gitt fiskane namn

Lov med to

Som dei fleste andre, måtte altså Xiaoxiao sine besteforeldre nøya seg med eitt barn. Farfaren fortel at det var såpass tøffe kår den gongen, at om det hadde vore lov, ville dei likevel ikkje hatt fleire.

No er situasjonen ein annan. Folk har lov til å få to barn, men vel seg ofte ikkje meir enn eitt.

Kina kunngjorde denne veka si første folketeljing på ti år. Dei offentlege tala viser at nasjonen ikkje har hatt så sakte befolkningsvekst sidan femtitalet.

Ifølgje FN vil Kina truleg nå ein topp i 2030, før folketalet går nedover.

Anonyme kjelder avisa Financial Times viser til, hevdar at innbyggjartalet allereie fell, og at India vil gå forbi Kina som verdas mest folkerike land.

Xiaoxiao lærer engelsk

ENGELSK: Mamma høyrer på at læraren i USA underviser dottera på nett.

Færre barn

Blant kinesarane er det middelklassen i storbyane som fører an i denne trenden.

Finansavisa Yi Cai rapporterer at det blei fødd nesten ein fjerdedel færre barn i Beijing i 2020 enn året før, med ein nedgang på 24,3 prosent.

Dei fleste av Xiaoxiao sine vener er difor også einebarn. På gardsplassen viser ho oss sine kunster på rulleskøyter.

Rundt og rundt, til oppmuntrande kommentarar.

Farfar fortel at han gjerne skulle ha sett at han fekk fleire barnebarn, ikkje minst fordi jenta kunne ha godt av søsken, men det er ingen tvil om at det kostar meir enn dei fleste har råd til.

Det meste av inntekta til foreldra går nettopp til barnet. Og farfar fortel at også mesteparten av besteforeldra sin pensjon går til jenta.

Engelsk

Når mor kjem heim er klokka blitt sju om kvelden. Farfar kan ta kveld, men etter nokre minuttar med leik går mor og dotter laus på engelsk.

– Må me det, allereie no?, klagar jenta, men ho veit tydelegvis at slik er det.

Nivået er høgt for ein femåring, og tunga krøller seg til når ho prøver seg på å seia:

– My hair twists and turns in the wind.

Snart ringer dei opp ein lærar i USA, som underviser henne på nett.

– Eg vil så gjerne at jenta skal få kjensla av å klara like mykje som dei andre barna, og helst meir. Det gir ei sterk sjølvkjensle, og det unner eg henne, seier mor, Miaomiao.

Ho fortel at alle barna får ekstra undervisning, og det må til, om ein ikkje skal henga etter andre.

Pianotimer med mamma
Foto: Kjersti Strømmen
Foto: Kjersti Strømmen

Svimlande sum

Kina er eit sterkt konkurranseprega samfunn. Det er ikkje plassar nok til alle på høgskular og universitet, og for å koma først i køen, gjer ungane lekser frå dei er små.

Xiaoxiao bruker også ettermiddagane på ballett, og lærer piano, noko mora meiner kostar familien rundt 60–70.000 kroner i året.

Sport og kunst er noko dei fleste kinesiske foreldre betalar for. Dei som kan sender barna på internasjonal skule, som stig i pris jo høgare klasse. Eitt år på ungdomsskule, 390.000 kroner takk.

Også dette skal rusta ungane til ei ljos framtid.

Sunming finansinstitutt har rekna på kor mykje oppveksten til barn i Beijing kostar:

Svimlande 3,6 millionar kroner.

Ein av mine kollegaer i Beijing fortel at han ikkje har råd til å bruka så mykje pengar. Han og kona meiner dei vil ha konstant dårleg samvit om dei ikkje klarer å gi barnet like gode vilkår som andre gir sine. Difor blir det ingen barn på dei.

Ein populær fjernsynsserie om presset Kinas foreldre lever under har gjort dei meir sikre i valet.

Serien, som heiter «kjærleikens dilemma», blir no kritisert for å skremma folk frå å få barn, men den speglar realiteten.

Kinesiske foreldre vil helst konsentrera seg om eitt barn
Foto: Kjersti Strømmen
Foto: Kjersti Strømmen

Slitne

Kinas foreldregenerasjon er slitne, og når styresmaktene no oppfordrar familiar til å få to barn slik at det finst nok folk til å halda hjula i samfunnet i gang, ja då er det få som roper hurra.

På toppen av pengane kjem nemleg innsatsen.

– I Kina må foreldra hjelpa barnet med leksene, seier Miaomiao. Kan du tenkja deg at eg etter ein lang dag på jobb skal hjelpa to barn med lekser? Dobbelt opp? Det er ein skrekkeleg tanke.

Vesle Xiaoxiao gir likevel ikkje opp, og legg fram sitt ønske, og ein plan.

– Mamma, eg vil gjerne at du får ein baby til.

– Vil du det ja, kven tenkte du skal ta vare på babyen?

– Det kan eg gjera vel. Eg kan ta babyen med meg på skulen, og om det er noko problem, kan vel læraren hjelpa til?

Xiaoxiao vil ha søsken og ber mamma om få en baby til

FORSLAG: Xiaoxiao prøver å overtyda mamma til å få ein baby til.

Foto: Kjersti Strømmen

SISTE NYTT

Siste nytt