Hopp til innhold

William og Kate kjem til Noreg

Prins William og hertuginne Kate besøker Noreg tidleg neste år. Meldinga kjem etter at hertuginna har vore borte frå offentlegheita ein periode fordi ho er gravid.

BRITAIN-ROYALS/KATE

Hertuginna av Cambridge, Kate, har vist seg lite offentleg etter at det blei kjent at ho og prins William ventar sitt tredje barn. Men i førre veke var ho med då mental helsedagen blei feira ved Buckingham Palace.

Foto: POOL / Reuters

Det britiske prinseparet kjem til Noreg tidleg neste år. Det er kong Harald som har invitert paret. Kate og William har besøkt fleire europeiske land det siste året. Og neste år står altså Noreg og Sverige for tur. Det stadfesta dei på Twitter i dag.

Laster Twitter-innhold

Det norske kongehuset seier at den endelege datoen og programmet for besøket ikkje er klart enno.

Gravid

Kate har vist seg lite offentleg den siste tida, etter at det blei kjent at paret ventar sitt tredje barn. I dei tidlegare svangerskapa har vore plaga av ekstrem svangerskapskvalme. Men i førre veke var ho med då dagen for mental helse blei feira på Buckingham Palace.

Og måndag møtte ho og prins William barn og representantar frå organisasjonar som dei støttar gjennom eit velgjerdsfond på Paddington stasjon i London. Der møtte dei også skodespelarane frå den komande filmen «Paddington 2».

Britain Royals

Måndag var Kate og William på Paddington stasjon for å møte barn og organisasjonar som får pengar frå velgjerdsfondet deira. Neste år kjem dei etter planen til Norge.

Foto: Jonathan Brady / AP

Rett før det blei kjent at paret var gravide igjen, var dei med å opne ein nybygd hage i Kensington Palace, til minne om prinsesse Diana. Opninga skjedde i samband med at det var 20 år sidan Diana miste livet i ei bilulukke i Paris.

SISTE NYTT

Siste nytt