Hopp til innhold

– Viktig å rette opp Wuhans rykte

WUHAN, KINA (NRK): – Dei er velkomne til Wuhan! Dette handlar om helsa til folk i heile verda, seier Chen Chongzuo etter at WHO-ekspertar no er på plass i byen.

Chen Chongzuo

Chen Chongzuo ser fram til at WHO finn nye svar om viruset sitt opphav.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

NRK møter Chen Chongzuo utanfor Huanan sjømatmarknad i Wuhan, den kinesiske byen der koronaviruset først blei oppdaga seint i 2019.

Den første som døydde, ein 61 år gammal mann, var kunde på denne marknaden.

– Viruset har påverka livet mitt mykje. Det har gått ut over økonomien min, eg merkar at eg er mindre glad til sinns enn før, og då alt var nedstengt, var det skremmande og deprimerande. No er Wuhan trygt, nervøsiteten er borte, seier Chen Chongzuo.

Han seier det er usikkert kvar viruset kom frå, og er glad for at ekspertane no har komme for å jobba saman med Kina om dette.

– Eg synest ikkje at dette er eit Kina-problem. Det er ikkje bevist at viruset kom frå Kina, sjølv om det var utbrot på Huanan.

Chen Huan

Chen Huan er glad for at WHO-ekspertane er på plass i Wuhan.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Også Chen Huan ønskjer ekspertane velkommen.

– Det er viktig å finne viruset sitt opphav, og å rette opp Wuhans rykte, seier ho.

– Det vil vere ei velsigning for oss alle dersom dei finn ut av dette. Det bør dei klare, for dei er jo ekspertar. Dette er viktig for oss. Vi må kunne stole på dei, seier Chen.

– Er viruset frå Kina?

– Nei, absolutt ikkje. Det dukka opp på Huanan-marknaden først, men viruset var der før Huanan. Ingen gjorde noko med det. Kina klarte å få rask kontroll på viruset, og dersom Kina ikkje hadde gjort det, ville ikkje Kina vore slik landet er i dag, seier ho.

Håpar på svar

No er det altså håp om å få fram ny informasjon om korleis det dødelege viruset oppstod. Etter lang tid med tautrekking mellom Kina og WHO om datoar, reiserute og visum, har no ekspertane endeleg komme.

Torsdag viste den statseigde TV-kanalen CGTN bilete av eit fly frå Singapore som landa i Wuhan. Om bord var dei internasjonale ekspertane frå WHO. Dei blei møtte av kinesiske tenestemenn som hadde på seg vernedrakt.

Huanan sjømatmarknad har vore stengd sidan 31. desember 2019. For vel eit år sidan myldra det av liv her. No er det stilt. Den verdskjende marknaden i Wuhan er pryda med ein blå vegg og kinesiske landskapsbilete.

Mann som ser på tlf følger etter oss og minst en av dem vi intervjuet men vil ikke identifisere seg. Sier han er fra myndighetene.

Ein mann som seier han representerer styresmaktene følgjer etter NRKs team i Wuhan.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

– Dette er ikkje ei Kina-sak

NRK sitt reportasjeteam i Wuhan blir passa på heile tida under opphaldet her. Ein mann som seier han representerer styresmaktene følgjer etter kvar vi går. Han vil ikkje identifisere seg.

Korrespondent og fotograf blir også avhøyrde av politiet, men blir ikkje arresterte.

Zhang Guoyou bur rett ved marknaden, og brukte å handle der.

Han er glad han er kvitt den, fordi det alltid lukta fisk og kjøtt, og det rann ut forureina vatn derifrå.

Han støttar styresmaktene fullt og heilt.

– Dette er ikkje ei Kina-sak. Viruset hadde dukka opp i andre delar av verda tidlegare. Men kinesiske styresmakter er ansvarlege, og offentleggjorde faren, seier han.

Zhang Guoyou bor rett ved markedet, har utsikt over det og pleide å handle der. Han er glad han er kvitt det fordi det alltid luktet fisk og kjøtt og det rant ut skittent vann derfra.

Zhang Guoyou bur rett ved sjømatmarknaden.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Smitteauke

Same dag som WHO-ekspertane kom til Wuhan, kunne landet melde om det første koronarelaterte dødsfallet på åtte månader.

Den nasjonale helsekomiteen kom ikkje med fleire detaljar om dødsfallet, anna enn at det fann stad i Hebei-provinsen.

Dei siste vekene er det meldt om 560 nye tilfelle i denne provinsen, og Kina har stengt ned fleire byar etter smitteoppblomstringa.

Mannen som kikker ut porten fra Huanan sjømarked i Wuhan kommer ut når jeg kikker inn. Krever at vi stanser filming/fotografering.

– Her slepp ingen inn. Mannen som kikkar ut porten til sjømatmarknaden krev at NRK sluttar å filme og fotografere.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

Viktig oppdrag

WHO-oppdraget er rekna som svært viktig for å finne årsaka til utbrotet av covid-19. Forskarar trudde først at viruset hoppa over til menneske ved ein marknad i Wuhan. Men no trur fleire ekspertar at viruset ikkje oppstod på marknaden, men at det heller blei forsterka der.

WHO meiner at ei kartlegging av korleis viruset har flytta seg frå dyr til menneske er avgjerande for arbeidet med å forhindre fleire utbrot i framtida.

Det er 13 forskarar som har reist. Dei vil starte arbeidet straks, under karantenetida på to veker etter innreise, opplyser WHO. To av forskarane er blitt sitjande igjen i Singapore for ekstra koronatesting.

WHO skriv at alle frå gruppa fleire gonger testa negativt på PCR-test og antistofftest før dei reiste frå heimlanda sine. I Singapore avla alle igjen negativ PCR-test, men to av dei testa positivt for antistoff.

Medan ekspertane er i karantene skal dei ha videokonferansar med kinesiske motpartar.

Passasjerer ankommer Wuhan fra Singapore. Om bord var WHOs ekspertgruppe, ifølge kinesiske medier.

Flyet frå Singapore er framme i Wuhan. Om bord er WHO si ekspertgruppe.

Foto: Ng Han Guan / AP

Vanskeleg sak

Kina er førebudd på at WHO-gruppa vil utfordre styresmaktene si oppfatning av pandemien.

Regjeringa har vedgått at det første utbrotet blei registrert i Wuhan, men har argumentert med at det ikkje nødvendigvis tyder at sjukdommen oppstod der. .

WHO har gått langt for å avpolitisere oppdraget.

Huanan sjømarked i Wuhan er ett av de mest interessante stedene for WHO å besøke ettersom det er her de fleste tilfellene dukket opp.

Huanan sjømatmarknad i Wuhan er ein av dei mest interessante stadene for WHO å besøkje.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

WHO forventar å få gjere undersøkingar

Ein talsperson for kinesiske styresmakter seier at dei denne veka skal «utveksle synspunkt» med kinesiske ekspertar, men ikkje noko om i kor stor grad ekspertgruppa får gjere eigne undersøkingar og samle bevis.

Peter Ben Embarek, som leiar WHO-gruppa, seier dei skal ut i felten for å møte dei kinesiske motpartane sine og for å dra til «stadene som vi vil besøkje». Han åtvarar om at det kan «bli ei veldig lang reise før vi får ei god forståing av kva som skjedde».

Undersøkingane er venta å ta fleire veker. Dei ti ekspertane kjem frå USA, Australia, Tyskland, Japan, Storbritannia, Russland, Nederland, Qatar og Vietnam.

SISTE NYTT

Siste nytt