Hopp til innhold

WHO-sjefen i sorg: Fortalde at onkelen var drepen av soldatar

Krigen i Etiopia har ramma generaldirektøren i Verdshelseorganisasjonen (WHO), Tedros Adhanom Ghebreyesus.

Director-General of the WHO Dr. Tedros Adhanom Ghebreyesus attends an ACANU briefing in Geneva

RAMMA AV KONFLIKTEN I ETIOPIA: Generaldirektøren i Verdshelseorganisasjonen (WHO), Tedros Adhanom Ghebreyesus.

Foto: DENIS BALIBOUSE / Reuters

Generalsekretæren har vorte eit kjent ansikt under pandemien, og onsdag skulle han halde ein av dei faste pressekonferansane sine om koronasituasjonen i Genève.

Denne gongen var han likevel nær ved å avlyse heile pressebrifinga. Årsaka var at han ikkje hadde det bra, forklarte han.

– Laurdag fekk eg beskjed om at onkelen min hadde vorte drepen av den eritreiske hæren. Eg snakka med mor mi, som var knust. Onkelen min var yngst av søskena, og ikkje så langt unna min eigen alder, sa ein tydeleg prega WHO-leiar, som fortalde at dei to hadde vakse opp saman.

– Ikkje den einaste

Ghebreyesus kjem frå Tigray, som er ein region i Etiopia. Han har også tidlegare vore helseminister og utanriksminister i Etiopia.

Og ifølgje generalsekretæren skal soldatar frå Eritrea ha drepe onkelen hans i ein landsby i denne regionen. Over 50 menneske skal til saman ha vorte drepne i det same angrepet, skriv The Guardian.

– Han var ikkje den einaste. I landsbyen hans, der han vart drepe i heimen sin, er over 50 personar drepne. Heilt vilkårleg, fortel han.

Tigray ligg lengst nord i Etiopia, mellom Eritrea og nabodelstatane Afar og Amhara.

Dette er ikkje første gong Tedros Adhanom Ghebreyesus og familien hans blir ramma av tragedie. Fetteren hans døydde i Tigray i fjor då ei kyrkje vart sprengd i lufta, opplyste han, utan å gi fleire detaljar om akkurat det.

Konflikten i Tigray braut ut på slutten av 2020 etter månader med krangel mellom statsminister Abiy Ahmeds regjering og Frigjeringsfronten til tigrayfolket (TPFL).

Men 2. november vart Etiopia og Tigrays opprørsstyrkar einige om ei etterlengta våpenkvile etter to år med harde kampar og mange døydde.

Og framleis manglar rundt 5 millionar menneske i Tigray mat. Mange har døydd av svolt eller sjukdom.

Les også: Er dette verkeleg slutten på ein av verdas verste krigar?

To menn med mørk hud er begge kledd i fine dressar. Dei sit ved eit bord og er i ferd med å få nokre dokument framfor seg. Det er spent stemning, og alle ser på dokumenta.
To menn med mørk hud er begge kledd i fine dressar. Dei sit ved eit bord og er i ferd med å få nokre dokument framfor seg. Det er spent stemning, og alle ser på dokumenta.

– Håpar galskapen vil stoppe

Men militære grupper frå delstatane Afar og Amhara, samt nabolandet Eritrea, som kjempa saman med Etiopias militære i Tigray, er ikkje ein del av denne våpenkvila.

Vitne og hjelpearbeidarar i den nordlege regionen har fortalt til nyheitsbyrået Reuters at trass i våpenkvila, har eritreiske styrkar plyndra byar og arrestert og drepe sivile.

Seinast 2. desember sa WHO-leiaren at han var bekymra for område som framleis blir kontrollerte av styrkar frå Eritrea.

– Eg håpar at denne avtalen vil halde og at denne galskapen vil stoppe, men dette er ein veldig vanskeleg augneblink for meg, fortalde han til reporterar etter pressekonferansen i Genève.

SISTE NYTT

Siste nytt