NRK Meny
Normal

Wallström svensk utanriksminister

Margot Wallström frå Socialdemokraterna blir utanriksminister i den nye svenske regjeringa, som blir leidd av Stefan Löfven.

Den nye svenske regjeringa.

Stefan Löfven presenterte den nye regjeringa si i føremiddag.

Foto: Øyvind Nyborg / NRK

Wallström (60) har bakgrunn som EU-kommissær, og ho har også hatt verv i FN-systemet. Tidlegare har ho vore sosialminister i Sverige, og det var venta at ho ville få denne posten.

Også mange av dei andre statsrådane har fartstid frå tidlegare sosialdemokratiske regjeringar. Det er 18 statsrådar frå Socialdemokraterna, medan MIljøpartiet får seks.

Margot Wallström ny utanriksminister i Sverige.

Margot Wallström blir ny utanriksminister i Sverige.

Foto: Gwenn Dubourthoumieu / Afp

Morgan Johanson (S) ny justisminister, medan Peter Hulquist (S) blir ny forsvarsminister. Magdalena Andersson (S) blir finansminister, medan Anders Ygeman (S) får posten som innanriksminister, Mikael Damberg (S) blir ny nærings- og inovasjonsminister.

Åsa Romson frå Miljöpartiet (MP) blir visestatsminister og klima- og miljøminister.

Gustav Fridolin (MP) blir utdanningsminister, medan Isabella Lovin (MP) blir bistandsminister. Alice Bah Kuhnke (MP) blir kultur- og demokratiminister. Det var den store overraskinga i regjeringa. Ho er tidlegare mest kjend for å ha vore programleiar for Disneyklubben på SVT. Kuhnke har svensk mor og far frå Gambia.

Sjå faktaboks for heile regjeringslista.

– Alvorleg situasjon

Alice Bah Kuhnke, ny kulturminister i Sverige.

Den store overraskinga i den nye regjeringa er Alice Bah Kuhnke som ny kulturminister.

Foto: Jonas Ekströmer/ TT / NTB scanpix

Löfven la fram ei svært ambisiøs regjeringserklæring. Han tok utgangspunktet i at Sverige er i ein alvorleg situasjon. Arbeidsløysa har bite seg fast på eit høgt nivå, og skuleresultata rasar. Det er større skilnader i Sverige no enn tidlegare, og det er langt igjen til likestilling mellom kvinner og menn. 14 av 16 miljømål er ikkje nådde.

Dette er bakteppet for dei tiltaka Löfven varslar. Han lovar store investeringar i skule, omsorg, samferdsel og miljø. Det blir ei stor satsing på offentleg sektor, og den ferske statsministeren varsla også ei storstilt bustadbygging. Han lovar minst 250.000 nye bustader i Sverige før 2020, og det blir lansert ein bustadmilliard til kommunane.

LES OGSÅ: Frykter kaos med ny svensk regjering

Satsing på jernbane

Det blir også stor satsing på jernbane over heile Sverige og på infrastruktur på landsbygda. Staten tek ansvaret for svensk jernbanedrift.

Sveriges statsminister Stefan Löfven.

Stefan Löfven presenterte den nye regjeringa si i Riksdagen i dag.

Foto: Jonas Ekströmer/ TT / NTB scanpix

Stefan Löfven lovar også at arbeidsledige ungdomar innan 90 dagar skal ha tilbod om anten jobb eller opplæring. Han lovar også vidaregåande skule til alle svenske ungdomar, og styrking av både den tradisjonelle gymnasutdanninga og yrkesfaga.

– Sverige skal vere ei leiande og inspirerande kraft i verda, seier han.

Löfven varslar også at integreringsministerposten i regjeringa skal fjernast, men har understrekar at forliket om innvandringspolitikk i Riksdagen ligg fast.

– Sverige skal ha ein human asylpolitikk og vere fristad for dei som flyktar frå forfølging, seier han.

Löfven gjer det også klart at det ikkje er aktuelt for Sverige å søkje medlemskap i Nato.

Mange røysta blankt

Det var i går at statsminister Stefan Löfven fekk den nødvendige støtta frå Riksdagen til å danne ei regjering med Socialdemokraterna og Miljöpartiet. Löfven har jobba med ei liste på 200–300 aktuelle kandidatar til statsrådspostane sidan i sommar, skriv avisa Aftonbladet.

I Riksdagen i går røysta 132 representantar ja til Löfven som ny statsminister, medan 49 røysta nei. I tillegg var det 154 blanke røyster og 14 representantar som ikkje var til stades.

Det var dei tre tidlegare regjeringspartia som røysta blankt, medan Sverigedemokraterna røysta imot.

Socialdemokraterna fekk regjeringsmakt etter å ha gjort eit svakt val med ei oppslutning på 31,2 prosent, berre litt betre enn valet i 2010, som då vart karakterisert som eit katastrofeval.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt