NRK Meny
Normal

VW kallar tilbake fem millionar bilar

Det tyske bilkonsernet Volkswagen kallar tilbake fem millionar dieselbilar på verdsbasis for å gjere endringar i motoren. Dette gjeld blant anna den sjette generasjonen av Golf og den sjuande generasjonen av Passat.

VW kallar tilbake fem millionar dieselbilar.

Volkswagen set i verk ein gigantoperasjon for å fjerne programvara som gjer at dieselbilar viser mindre utslepp enn realiteten.

Foto: PATRIK STOLLARZ / Afp

Dette går fram av ei pressemelding frå konsernet i ettermiddag. Her står det at eigarane av desse bilane vil bli kontakta i løpet av dei nærmaste vekene. Tilbakekallinga gjeld også den første modellen av firehjulstrekkaren Tiguan.

Nyare modellar Golf, Passat og Tiguan med motoren EU6 blir ikkje kalla tilbake, går det fram av pressemeldinga.

Felles for desse modellane er at dei har dieselmotoren EA 189. Det er førebels uklart kor mange norske bilar det er snakk om. Volkswagen i Sverige opplyser at over 220.000 bilar blir tilbakekalla der i landet.

Korrekt utslepp

Det er meininga å gjere endringar i motoren på desse bilane, slik at dei skal vise korrekt mengde av utslepp ved måling.

Volkswagen gjer det samstundes klart at alle bilane er teknisk heilt i orden, og at det ikkje er noko problem å bruke dei som normalt.

Det er tidlegare klart at Spania, Belgia, Sveits, Italia og Sverige har alt trekt desse modellane frå marknaden.

Volkswagen skal i løpet av denne månaden leggje fram ein plan for tyske styresmakter om korleis dei reint teknisk skal rydde opp i den vanskelege situasjonen som har oppstått.

I tillegg skal Volkswagen kvart enkelt land skal leggje ut nettsider med informasjon om kampanjen, slik at publikum kan halde seg orienterte.

– Tåler ikke mer skittentøyvask

Audi: 2,1 millionar bilar er omfatta av jukset

Under sterkt press

Volkswagen-konsernet er under sterkt press for å handtere den verste krisa i selskapet si 78 år gamle historie.

Konsernet vedgjekk sist veke at 11 millionar av VW-bilar med dieselmotor er utstyrt med teknologi som gjer det mogleg å pynte på utsleppstestar. Dette har gjort at bilane har oppfylt til dels strenge miljøkrav i fleire land, blant anna i USA.

Det var amerikanske styresmakter som avslørte jukset.

Av dei 11 millionar bilane det er snakk om er fem millionar av merket VW, som altså er dei som no blir kalla tilbake. Vidare er det snakk om 2,1 millionar av typen Audi, 1,2 millionar Skoda-bilar og 1,8 millionar varebilar. I tillegg vart det i dag kjent at også bilar av merket Seat, som også er eigd av VW, har denne teknologien i motorane sine.

Volkswagen-skandalen kan ramme tysk fotballklubb

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt