Hopp til innhold

Britisk påtalemakt vurderer tiltale mot australske radiovertar

Den britiske påtalemakta, The Crown Prosecution Center, vurderer no om det skal reisast tiltale i samband med tulletelefonen til sjukehuset då hertuginna av Cambridge var innlagt der.

Kate Middleton og Prins William

Hertuginna og hertugen av Cambridge ventar ein ny britisk tronarving.

Foto: BEN STANSALL / Afp

Hertuginna, som før ho gifte seg med prins William heitte Catherine Middleton, var innlagt på Kong Edvard VII-sjukehuset fordi ho leid av alvorleg morgonkvalme i samband med graviditet.

Britisk tronarving

 Michael Christian, Mel Greig

Dei to radioreporterane Michael Christian og Mel Greig har bede om orsaking for tulletelefonen.

Foto: Ap

Sidan ho bar ein britisk tronarving i magen, var det stort ståhei og enorm interesse for tilstanden hennar.

To moroklumpar i ein australsk radiostasjon ringde til sjukehuset og gav seg ut for å vere Dronninga og prins Charles, og dei ville vite korleis tilstanden til hertuginna var.

Sjukepleiaren Jacintha Saldantha tok mot samtalane og sette dei vidare til avdelinga der hertuginna var innlagd. Her fekk radioreporterane opplysningane dei var ute etter.

Tok livet sitt

Jachinta Saldanha

Jacintha Saldanha tok livet sitt etter det som skjedde.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Det vart stort oppstyr etter at den hemmelege informasjonen hadde blitt gitt til den australske radiostasjonen, og det enda med at Jacintha Saldanha tok livet sitt. .

LES OGSÅ: Obduksjonsrapport klar - sykepleieren tok sitt eget liv

Den indiskfødde sjukepleiaren vart gravlagd i den vesle indiske byen Shirva tidlegare denne veka og over 2000 deltok i gravferda.

Politiet har etterforska saka ferdig og sendt resultatet av etterforskinga vidare til påtalemakta, som skal avgjere om det er grunnlag for ein tiltale.

LES OGSÅ: Hertuginnen av Cambridge ute av sykehuset

LES OGSÅ: «Det er kuler der ute med ditt navn på»

LES OGSÅ: Nå vil de snakke med media

LES OGSÅ:

SISTE NYTT

Siste nytt