NRK Meny
Normal

Vulkanutbrot på Hawaii

Kilauea-vulkanen på Hawaii spyr lava 20 meter opp i lufta. No overvakar forskarar situasjonen.

Video Vulkanutbrudd på Hawaii

Det har vore kontinuerlege utbrot frå Kilauea-vulkanen i 28 år, men forskarar følgjer ekstra godt med etter hendingane i helga.

Myndigheitene på Hawaii har stengd av ein turistveg på austsida av vulkanen Kilauea etter utbrot og fleire jordskjelv i helga.

Vulkanen har hatt kontinuerlege utbrot dei siste 28 åra, men geologen Janet Babb frå det geologiske instituttet i USA seier at aktiviteten denne helga kan tyde på at noko er på ferde.

– Det som skjer no, gjer at vi ikkje kan vere sikre på kva som skjer vidare, seier ho.

Spyr lava

Laurdag knelte krateret Pu'u 'O' og fall meir enn hundre meter. Etterpå kom 150 mindre jordskjelv i det same området, skriv nyheitsbyrået Reuters.

Samtidig, på austsida av vulkanen, opna ei nesten 500 meter lang rift seg i bakken, der lava vart spydd 20 meter opp i lufta.

I tillegg starta eit utbrot frå krateret Napau.

  • Sjå oppdaterte bilete frå Hawaii HER (ekstern side).

Stengde vegar

Ingen hus eller menneske er skadde under utbrotet, men folk blir bedne om å halde seg vekke frå vulkanen.

Ein veg på austsida av vulkanen og ein campingplass ved Napau er stengde. Det same er fleire vegar i området.

– Utbrotet er framleis synleg frå ein trygg plass 2,4 kilometer unna, seier skogvoktaren Mardie Lane.

Utbrot frå Kilauea-vulkanen på Hawaii

Utbrotet frå Kilauea-vulkanen sett frå lufta.

Foto: Tim Wright / Ap
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt