Kommunisten Voronin, ein av dei lengstsitjande statsleiarane i Europa, seier det er med tungt hjarte han overlet makta til den pro-vestlege opposisjonen.
Fråsegna vart publisert i dei statlege morgonavisene i Moldova.
Den tidlegare Sovjetrepublikken Moldova blir rekna som det fattigaste landet i Europa.
Voronin seier at han no vil representere partiet sitt i nasjonalforsamlinga.
Dei fire opposisjonspartia har slått seg saman i det dei kallar ein allianse for euorpeisk integrasjon. Dei vil truleg prøve å danne regjering, men det er uklart om dei vil få det til.
Skillelinene i moldovsk politikk er som i nabolanda mellom dei pro-vestlege og dei pro-russiske.
Dei borgarlege partia vil at landet skal løyse på banda til Russland, og heller nærme seg EU.
Desse partia fekk fleirtal i nasjonalforsamlinga ved valet i saommar, men fleirtalet var ikkje stort nok til at dei fekk valt ein president på eiga hand.