Hopp til innhold

Volleyballkamp på nordkoreansk atomanlegg forvirrar ekspertar

Satellittbilete av eit nordkoreansk atomanlegg frå sist søndag viser mannskap som truleg spelar volleyball. Dette kan tolkast som om aktiviteten på anlegget er redusert.

Nordkoreansk atomanlegg.

Dette satellittbiletet frå sist søndag viser truleg mannskap på det nordkoreanske atomanlegget som spelar volleyball.

Foto: DigitalGlobe/ScapeWare3d / DigitalGlobe/Getty Images

Det er den amerikanske Nord-Korea tankesmia «38 North» som har offentleggjort fleire bilete, som skal vise at det blir spelt volleyball på tre ulike stader på basen. Analytikarane ved «38 North» vart overraska over bileta, fordi dei var tekne på eit tidspunkt då mange rekna med at ein atomtest var nært kommande.

Dei tre analytikarane i «38 North», Joseph S. Bermudez jr., Jack Liu og Frank Pabian, skreiv i ein rapport onsdag at det verkar som om aktiviteten ved den nordkoreanske atombasen Punggye-ri er redusert dei siste dagane.

– Tvitydig signal

USAs visepresident Mike Pence.

USAs visepresident Mike Pence vitja sist helg den demilitariserte sona mellom dei koreanske statane for å vise USAs støtte til Sør-Korea.

Foto: Jung Yeon-je / AFP

Det kan ifølgje analytikarane tolkast på fleire måtar. Det kan bety at aktiviteten ved basen er tilbake på normalt nivå, og at det dermed er mindre sannsynleg med ein snarleg atomtest.

Volleyballkampane kan vere eit signal frå Nord-Korea til omverda at dei ikkje har tenkt å gjennomføre ein test no, og at dei på denne måten prøver å gjere sitt til å dempe spenninga

Det er også mogleg å tolke det motsett, at Nord-Korea no prøver å lure det internasjonale samfunnet til å tru at faren for ein atomtest er over for denne gongen. Nordkoreanske styresmakter er fullt klare over at aktiviteten ved atomanlegget blir fotografert av satellittar i verdsrommet.

Venta atomtest

Det er også tidlegare registrert volleyballkampar på dette anlegget, men aldri så mange som tre på ein gong, ifølgje «38 North».

Volleyball er ein av dei mest populære idrettane i Nord-Korea, saman med basketball, fotball og bordtennis.

Det var venta at det isolerte landet på den nordlege delen av den koreanske halvøya skulle gjennomføre ein atomtest i samband med fødselsdagen til grunnleggjaren av den nordkoreanske staten, Kim Il Sung, 15. april.

«38 North» har varsla nye bilete og nye analysar av situasjonen ved atomanlegget seinare denne veka.

Nord-Korea viste fram nye rakettar.

Nord-Korea gjennomførte ein gigantisk militærparade i Pyongyang sist helg i samband med fødselsdagen til Kim Il-Sung.

Foto: Wong Maye-e / AP

Mislukka rakettest

16. april vart det gjennomført ein mislukka rakettest , men styresmaktene i landet har gjort det klart at dei kjem til å gjennomføre testar når dei måtte ynskje det, utan å bry seg med åtvaringar frå særleg USA.

Tvert i mot har Nord-Korea truar med angripe mål i USA og å leggje nabolandet Sør-Korea i oske.

Under militærparaden 15. april viste landet fram fleire nye typar rakettar, som dei seier er i stand til å nå USA. Fleire ekspertar har sagt at dei nye rakettane truleg var ein bløff.

USA på si side har gjort det klart at dei aldri vil godta at Nord-Korea skaffar seg rakettar som kan nå USA, og eit amerikansk hangarskip med støttefartøy er sendt til området. Men USA har også gjort det klart at dei ynskjer ei fredeleg løysing på striden .

Nord-Korea avsluttet festhelg med bombevideo

SISTE NYTT

Siste nytt