Vollebæk: – Brevet frå Trump kan bli oppfatta som trugande

Denne veka fekk statsminister Erna Solberg eit brev frå Donald Trump, der han ber Noreg om å oppfylle Natos krav om å bruke 2 prosent av BNP på forsvar. Brevet kan bli oppfatta som ein trussel, meiner tidlegare utanriksminister Knut Vollebæk.

VOLLEBAEK NATO

UROLEG FOR Nato: Tidlegare utanriksminister Knut Vollebæk saman med den amerikanske generalen Wesley Clark under Kosovo-krisa i 1999. Vollebæk meiner vi på ny er inne i ei uroleg tid. Biletet vart teke i Makedonias hovudstad Skopje.

Foto: Rune Petter Ness / NTB scanpix

Det var VG som fekk innsyn i brevet tysdag, der det kjem fram kva Trump forventar av Noreg i forkant av NATO-toppmøtet om knappe to veker.

– Noreg er det einaste Nato-landet med grense mot Russland som manglar ein truverdig plan for å bruke to prosent av BNP på forsvar, skriv den amerikanske presidenten i brevet.

Vollebæk: – Brevet kan bli oppfatta som truande

Tidlegare utanriksminister Knut Vollebæk fortel til NRK at han meiner det ligg ein trussel i brevet.

For det er ikkje noko nytt at amerikanske presidentar meiner at Europa gjev for lite inn i Nato, og at dei minst må bruke 2 % av BNP på forsvar.

Vollebæk og Bush

NORSK AMBASSADØR I USA I 2001: Påtroppande ambassadør Knut Vollebæk presenterer sine papir for USAs president George W. Bush i Det kvite hus. Også Bush var kritisk til byrdefordelinga i Nato, men tonen var ein annan.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

Brevet frå Trump gjer Vollebæk uroleg:

– Det eg har merka meg spesielt er at brevet viser til Noregs grense og nærleik til Russland. Eg synest ikkje det passar seg for å seie det sånn. For trass i at Trump har ei hyggeleg innleiing i brevet, så kan det bli oppfatta som truande, fortel Vollebæk til NRK.

Og han utdjupar:

– Trump gjer det klart kor sårbare vi er, og det veit vi jo, og kor avhengige vi er av hjelp frå USA. Og det kan ligge ein liten undertone her av at viss vi ikkje oppfyller kravet vårt, er det ikkje sikkert at USA vil kome til unnsetning.

– Undergrev artikkel 5

Kjernen i Nato er Atlanterhavspaktens artikkel 5, som fastslår at eit angrep på eit medlemsland er et angrep på heile alliansen.

– Og mange snakkar om i dag er at solidariteten i alliansen er trua, at president Trump ikkje på same måte som tidlegare presidentar står ved USAs forpliktingar, og at artikkel fem på denne måte blir undergrave, fortel Vollebæk.

Vollebæk

MAKEDONIA 1999: Vollebæk i passiar med den franske generalen Valentin i Makedonias hovudstad Skopje under Kosovo-krisa. USAs Wesley Clark i midten.

Foto: Rune Petter Ness / NTB scanpix

Tidlegare utanriksministrar vil sende brev til Trump

Den tidlegare norske utanriksministeren er med i eit forum, med amerikanske Madeleine Albright i spissen, som kallar seg Aspen ministers forum.

Det er ei gruppe med rundt 20 tidlegare utanriksministrar som denne veka har diskutert dei nye utfordringane i det transatlantiske samarbeidet. Dei arbeider no med å skrive eit svar til Trump og den amerikanske kongressen, fortel Vollebæk.

– At ein ikkje stiller spørsmål ved forpliktingane USA har for sine allierte, er viktig i lys av den vanskelege og kanskje ustabile situasjonen verda står ovanfor i dag, seier Vollebæk.

Han fortel den utløysande faktoren var Trumps handtering av G7 møtet, der han først gjekk med på noko, for så å trekke seg etterpå.

– Det er denne uforutsigbarheita, som er av størst betydning for dei fleste av oss, meiner Vollebæk.

G7-SUMMIT/CANADA

G7 FIASKO: Det har vist seg at dette ikoniske biletet frå G7-møtet i Canada ikkje framstilte situasjonen heilt korrekt. Men presseavdelinga til Angela Merkel valde likevel å bruke det, truleg for å illustrere korleis dei meiner det transatlantiske samarbeidet har utvikla seg under Trump.

Foto: Handout . / Reuters

– Uvanleg post

Morten Wetland var FN-ambassadør og statssekretær for både Brundtland, Jagland og Stoltenberg. Han har sett mykje av posten som kjem inn til Statsministerens kontor, men vedgår at brevet frå Trump var uvanleg:

Utvalg

MORTEN WETLAND: synest brevet frå Trump var av det uvanlege slaget ein får inn på Statsministerens kontor.

Foto: Tor Richardsen / NTB scanpix

– Det er ikkje veldig vanleg at ein går så rett på sak i store og krevjande politiske spørsmål. Brev mellom statsleiarar blir som regel brukt til å gratulere med val og attval, eller kondolere og sende ulike høflegheitsfraser, fortel han.

Wetland meiner brevet representerer ei ny form for politisk kommunikasjon, designa for å få mest mogeleg merksemd både heime og ute:

– Vi kjenner alle tweetane hans, der han seier dei merkelegaste ting. Men her har han teke eit amerikansk primærstandpunkt, og seier i klartekst kva han meiner om Nato-landa sin bruk av pengar til forsvarsformål. Og det har han støtte for i sitt heimland.

Nato-invitasjon til Makedonia?

I tillegg til å diskutere byrdefordelinga i alliansen, er det venta at ein under NATO-toppmøtet vil invitere eit nytt land inn i Nato. Makedonia er i ferd med å løyse den betente namnestriden med Hellas.

Vollebæk meiner at i eit ustabilt europeisk klima med nasjonalistiske og populistiske regjeringar i fleire land, så gjev det både Russland og Kina rom til å spele inn i desse landa.

Han viser til at både Serbia og Bulgaria nærmar seg Russland.

– For USA og Europa er det viktig at NATO-medlemskap til Makedonia kjem på plass, slik at samhaldet ikkje bryt opp på grunn av eit slikt spørsmål.

Men det er ei frykt i Makedonia for at dei store spørsmåla på toppmøte vil overskygge draumen om medlemskap.

Forsvarsminister i Makedonia, Radmila Sekerinska, var denne veka på besøk i Oslo for å be om støtte til NATO-medlemskapet.

Ho seier til NRK at ho forventar at Nato held lovnaden sin, om dei klarar å gjere jobben sin på heimebane. Altså, å få folket til å godta å døype om landet til Nord-Makedonia gjennom ei folkerøysting i haust.

– Viss ikkje Nato held lovnadane sine, vil det få svært negative følgjer for regionen, åtvarar ho i eit intervju med NRK.

Radmila Sekerinska

FORVENTAR INVITASJON FRÅ Nato: Radmila Sekerinska er optimist med tanke på NATO-medlemskap, og forventar at Nato held det dei lovar.

Foto: Roger Sevrin BRuland / NRK

Men Vollebæk fortel at nokre NATO-ministrar har byrja å seie at kanskje det beste er å ikkje ha toppmøte i det heile lenger, fordi ein har blitt så usikre på utfallet:

– Og viss vi kjem dit der ministrane meiner det er betre å ikkje møtast for drøfte felles problem og å finne felles løysingar, da har vi kome veldig langt på ein farleg veg, seier Vollebæk.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt