Volkswagen-sjef går av etter eksos-eksperiment

Thomas Steg, ein av toppsjefane i Volkswagen-konsernet går av som følgje av skandalen rundt bruk av menneske og aper i samband med testing av eksos frå dieselbilar.

Thomas Steg.

Thomas Steg, ansvarleg for berekraft og kontakt med styresmaktene i Volkswagen-konsernet, har gått av som følgje av den siste skandalen.

Foto: Markus Schreiber / AP

Dette går fram av ei pressemelding frå Volkswagen. Steg har sagt i eit intervju med den tyske avisa Bild at han kjende til eksperimentet, men at han ikkje hadde informert dåverande toppsjef Martin Winterkorn.

Steg, som var sjef for berekraft og kontakt med styresmakter, seier i intervjuet at han på eit tidleg tidspunkt sa nei til å bruke frivillige til å delta i eksostesten. Han gjer det også klart at bruken av dyr ikkje skulle ha skjedd.

Eksperiment i USA

Det var den amerikanske avisa New York Times som avslørte at Lovelace Respiratory Institute i Albuquerque i New Mexico i USA utsette aper for eksos frå dieselbilar. Dette for å måle kor langt Volkswagen har kome i arbeidet med å reinse utsleppet frå nye bilar.

Toppsjefen i Volkswagen, Matthias Müller.

Matthias Müller er øvste sjefen i Volkswagen-konsernet.

Foto: Tobias Schwarz / AFP

Apene vart eksponerte for dieseleksosen i eit lukka rom i fleire timar i gongen. Etterpå tok forskarane prøver av lungene deira. Det er uklart kva som skjedde med apene etterpå, men det er klart at dei ikkje vart slakta.

Det var ei no nedlagd helseforskingsgruppe, eigd av Volkswagen, Daimler og BMW, som bestilte testen. Denne gruppa skal også ha bestilt ein studie av kortvarig inhalering av nitrogendioksid av friske menneske. Dette skal ha skjedd i Tyskland mellom 2012 og 2015.

Dette førte til at universitetssjukehuset i Aachen i Tyskland undersøkte 25 personar etter at dei hadde pusta inn ulike mengder nitrogendioksid (NOX). Testpersonane vart utsette for avgassen i fleire timar, men forskarane fann ingen reaksjonar hos testdeltakarane.

– Etter eige ynskje

Den noverande toppsjefen i Volkswagen, Mathias Müller, seier i ei fråsegn at Thomas Steg har teke fullt ansvar for det som har skjedd, og at han har stor respekt for det. Han fortel at Steg har gått av etter eige ynskje.

I går stadfesta han at desse testane var gjennomførte, og at han tok avstand frå dei .

Også forbundskanslar Angela Merkel har reagert sterkt på det som har kome fram. Via talsmannen sin seier ho at testar på både aper og menneske .

I 2015 vart det avslørt at Volkswagen hadde manipulert tala for utslepp av nitrogendioksid frå bilane sine for å kome innanfor dei amerikanske utsleppskrava.

SISTE NYTT

Siste nytt