Hopp til innhold

Vitne: – Skaut med kalasjnikov og var kledde i sivil

Gjerningsmennene bak gisseldramaet i Mali saumfór det sju etasjar høge hotellet rom for rom, etasje for etasje, opplyser fleire vitne. Hotellgjest Michael Skapoullis høyrde på musikk og oppdaga ikkje åtaket før han såg kulene på golvet.

Sikkerhetsstyrker evakuerer hotellets gjester i Mali.

Her blir gjestene på Radisson Blu hotellet i Bamako evakuerte. Fleire vitne fortel om skyting og eksplosjonar

Medan dei skaut rundt seg, tok gisseltakarane på Radisson Blu hotellet i Mali føre seg det eine rommet etter det andre i det sju etasjar høge bygget, fortel ei høgtståande tryggingskjelde og andre vitne til Reuters.

Ein belgisk gjest på hotellet med rom i femte etasje fortel om sivilkledde gjerningsmenn med kalasjnikovar, om eksplosjonar og røyk.

– Frå vindauget mitt såg eg det eg trur var ein av angriparane skyta med ein kalasjnikov, kledd i sivil. Først var det mange skot utandørs, før dei flytta seg innandørs og skytinga blei meir sporadisk. Det var ein stor eksplosjon og det kom røyk inn på rommet mitt.

Det fortel vitnet, som omsider blei evakuert, til belgiske RTBF.

Høyrde på musikk – fekk ikkje med seg åtaket

Minst 27 menneske er drepne etter at væpna menn tok rundt 170 gjester og tilsette på luksushotellet i Bamako i Mali som gislar fredag morgon.

Fredag ettermiddag var alle gislane henta ut.

Michael Skapoullis bur i nærleiken av hotellet og lånte hotellet sitt treningsrom då åtaket fann stad fredag morgon.

Skapoullis seier til CNN at han høyrde på musikk under økta og difor ikkje fekk med seg kva som skjedde, før han såg andre avbryta treninga og forlata rommet. Då han kom ut i lobbyen, forstod han at noko var frykteleg gale.

– Eg såg kuler på golvet, så eg gjekk tilbake til treningsrommet og kom meg ut av hotellet, fortel han.