Alle åtte som var om bord var tilsette i flyselskapet Red Wings. Fire av dei åtte døydde laurdag, kort tid etter at flyet gjekk i bakken. Søndag opplyser flyselskapet på Twitter at nok ein passasjer er erklært død. Tre andre er framleis kritisk såra.
Fleire amatørvideoar gir eit innblikk i dramatikken som oppstod då den tragiske ulukka fann stad. Flyet, av typen Tupolev Tu-204, blei smadra i tre delar då det trefte autovernet på ein motorveg utanfor Moskva.
Både Kiev-motorvegen og Vnukovo, den tredje største flyplassen i Moskva, måtte laurdag stengja som følgje av ulukka.
Flydelar blei liggjande i vegbana og bilistar som vart fanga i dramatikken strøymde til for å hjelpa såra personar ut av vraket og opp frå den frostige snødekte bakken.
– Defekte bremser
Berre tilfeldigheiter gjorde at det ikkje var fullasta med passasjerar. Flyet var på veg tilbake med berre kabinbesetninga om bord etter ei charterflyging til Tsjekkia.
Ferdskrivaren blei seint laurdag henta ut av flyvraket. Havarietterforskararane seier søndag at eit defekt bremsesystem var årsaka til flykrasjet.
– Ifølgje den informasjonen me har innhenta hittil, tok pilotane i bruk alle tilgjengelege bremsesystem . Men av ein eller annan grunn ville ikkje fartøyet sakka farten og fortsette i staden nedover rullebana. Årsaka er truleg defekte bremsesystem eller ein defekt bremsemotor, seier ein ikkje namngjeven etterforskar til nyheitsbyrået Interfax.
Eigaren av flyselskapet Red Wings, Alexander Lebedev, opplyser samstundes at flyet nyleg gjennomgjekk ein grundig sjekk.
– Flyet hadde passert 8500 flytimar og var gjennom den siste grundige kontrollen den 23. november, skriv Lebedev på Twitter.
Han insinuerer også at kontrolltårnet kan ha vore medskuldig til tragedien fordi det ikkje gav grønt lys til å landa med det første, slik at flyet måtte sirkulera rundt Vnukovo-flyplassen i dårleg vêr.
Farlegast i verda
Flyulukka er den siste i ei rekkje slike flytragediar i Russland, som i 2011 blei rangert som det aller farlegaste landet å fly i av luftfartskonsulentane Ascend.
I fjor kravde totalt ni ulukker på russisk jord 140 menneskeliv. To av dei fem verste flyulukkene i 2011 fann stad i Russland.
Dermed har Russland blitt eit farlegare land å ferdast i på venger enn utviklingsland som Kongo og Indonesia, der dårlege tryggleiksrutiner lenge har vore eit problem.
Ei av ulukkene fekk mykje merksemd fordi alle spelarane på ishockeylaget Lokomotiv Jaroslavl omkom.
Ein tilfeldig forbipasserande bilist fanga det dødelege flykrasjet på film.