NRK Meny
Normal

Viste fram arrestert narkotopp

Den meksikanske hæren har arrestert mannen som truleg er nestkommanderande for eitt av dei verste narkotikakartella i landet.

Felipe Cabrera Sarabia, aka "El Inge"

Felipe Cabrera Sarabia, som går under namnet 'El Inge', er pågripen av det meksikanske narkotikapolitiet.

Foto: Marco Ugarte / Ap

Felipe Cabrera Sarabia, kjend under kallenamnet «El Inge», vart pågripen vesle julaftan, men vart først i dag vist fram på ein pressekonferanse i Mexico by.

Han er den første storfisken som er pågripen etter at den meksikanske hæren sette i verk «Operasjon Laguna», som rettar seg mot dei illgjetne narkokartella i landet.

Steig raskt i gradene

Joaquin Guzman Loero.

Joaquin Guzman Loero, den mest ettersøkte mannen i Mexico, er framleis på frifot.

Foto: HO / Reuters

«El Inge» skal ha vore ansvarleg for den personlege tryggleiken til den mest ettersøkte mannen i Mexico, leiaren for det såkalla Stillehavskartellet, Joaquin Guzman Loera, også kjend som «El Chapo Guzman». Han skal også ha vore tungt inne i sjølve organiseringa av smuglarrutene frå Mexico til USA.

Den meksikanske hæren håpar no på at arrestasjonen av «El Inge» vil setje dei på sporet av Guzman. «El Inge» skal ha jobba seg raskt oppover i hierarkiet i Stillehavskartellet, etter å ha starta som marihuanadyrkar.

Stillehavskartellet er rekna for det kanskje mektigaste narkotikakartellet i Mexico, og er kjend for ekstrem valdsbruk mot både politifolk og konkurrerande bandar.

LES OGSÅ: Gigantisk narkotikatunnel avslørt

LES OGSÅ: 20 drept i fengselsopprør i Mexico

Stadig nye drap

Narkotikakrigen i Mexico kostar fleire tusen menneskeliv kvart år. Seinast andre juledag gjorde hæren, i samband med «Operasjon Laguna», eit makabert funn i staten Tamaulipas aust i Mexico.

13 drepne menneske vart funnen i ein lastebil. Det vart funne to meldingar på åstaden, som begge tyder på at drapa er siste utviklinga i den bitre rivaliseringa mellom dei konkurrerande narkotikakartella i Mexico.

Etterforskarane meiner drapa kan knyttast til funnet av ti like i byen Tampico Alto sist fredag, samt tre bussangrep sist veke der 16 personar vart drepne.

LES OGSÅ: Drepte elleve narkokartell-medlemmer i storaksjon

LES OGSÅ: 32 funnet drept i Mexico

LES OGSÅ: Tolv drept i mexicanske ferieparadis

LES OGSÅ: Redaktør funnet halshugget i Mexico

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt