Hopp til innhold

Viser bin Laden-bilete til utvalde

Bilete av ein død Osama bin Laden vil bli viste fram til medlemer av forsvarskomiteen og etterretningskomiteen i Kongressen og i Senatet, melder CNN.

Video Animasjon av angrepet på bin Laden

VIDEO: Animasjon av angrepet på bin Laden

Sist veke avgjorde president Barack Obama at bileta, som vart tekne etter at Osama bin Laden vart drepen, ikkje skal offentleggjerast.

Får sjå bileta

Osama bin Laden

Osaman bin Laden vart drepen av amerikanske spesialstyrkar natt til 2. mai.

Foto: Scanpix/AFP

No seier ein ikkje namngitt amerikansk tenestemann at bileta vil bli viste fram til komitemedlemene i CIA-hoveudkvarteret i Virginia. Senator Dianne Feinstein, representant for Det demokratiske partiet frå California, stadfestar overfor CNN at dei vil få sjansen til å sjå bileta.

På spørsmål om ho vil nytte seg av tilbodet, svarar ho at ho ikkje har tenkt så mykje på det, men at ho truleg vil takke ja. Feinstein er leiar for etterretningskomiteen i Senatet.

Osaman bin Laden vart drepen av elitesoldatar frå den amerikanske spesialkommandoen Navy Seals natt til 2. mai i den pakistanske byen Abottabad. Det var venta at bilete av den døde terrorleiaren skulle bli offentleggjorde, for å fjerne all tvil om at han verkeleg var død.

LES OGSÅ: Bin Ladens sønner til angrep på USA

LES OGSÅ: USA kan få snakke med bin Laden-enkjer

- Bin Laden-ikon

Sist onsdag gjorde talsmann for Det kvite hus, Jay Carney, det klart at bileta ikkje ville bli gjort offentlege.

- Det er ikkje i USAs interesse å tillate at desse bileta skal bli ikon for tilhengjarane av bin Laden. Vi har ikkje behov for å publisere bileta for å slå fast at Osaman bin Laden verkeleg vart drepen, sa han blant anna.

Abbottabad

Osama bin Laden budde i dette huset i Abbottabad i Pakistan.

Foto: AAMIR QURESHI / Afp

LES OGSÅ: Frykter flere «bin Laden-aksjoner»

LES OGSÅ: Pakistans statsminister: Vi visste ingen ting

SISTE NYTT

Siste nytt