Hopp til innhold

Visepresident Pence brukte privat e-postkonto – vart hacka

USAs visepresident Mike Pence brukte ein privat e-postkonto medan han var guvernør i delstaten Indiana. Ifølgje ei avis skal Pence ha diskutert hemmelegstempla saker i fleire av e-postane.

Trump Mike Pence

Medan han var guvernør i Indiana, brukte Mike Pence ein privat e-postkonto til å diskutere sensitive opplysingar, ifølgje ein amerikansk avis.

Foto: Andrew Harnik / AP

Pence brukte den private kontoen til offisiell korrespondanse. Her skal han òg ha diskutert sensitive opplysingar og tilhøve om tryggleiken i landet, skriv Indianapolis Star.

Avisa har fått tak i fleire av epostane, der Pence har kommunisert med rådgjevarar om tryggleikssystem ved sin eigen bustad, og diskutert måten staten svarar på terroråtak.

Ifølgje avisa vart kontoen hacka i fjor, melder Reuters. Då fekk kontaktane til Pence ein e-post der det kunne sjå ut som om Pence og kona var blitt rana på Filippinane og trengde pengar raskt.

Sensitivt innhald

Lova i Indiana forbyr ikkje tenestemenn å bruke privat e-post i offisiell samanheng, men lovverket vert tolka til at slike epostar må bli arkiverte.

Den sitjande guvernøren Eric Holcomb har offentleggjort meir enn 30 sider med informasjon frå den gamle e-postkontoen til Pence. Samtidig seier Holcomb at fleire e-postar ikkje kan bli gjorde offentlege fordi dei inneheld sensitiv og hemmeleg informasjon.

Kontoret til visepresidenten sende torsdag ut ei fråsegn der dei seier at han «på same måte som tidlegare guvernørar (...) hadde ein offentleg og ein privat e-postkonto. Som guvernør retta Pence seg fullstendig etter lovene i Indiana om bruk og lagring av e-post.»

Innhaldet frå kontoane vart lagra og handtert i tråd med offentlegheitslova i delstaten, forsikra tilsette ved kontoret.

Tema i valkampen

Clinton Popular Vote Hillary Clinton

E-POST: Etterforskinga av presidentkandidat Hillary Clinton vart avslutta to dagar før valet.

Foto: Evan Vucci / Ap

I løpet av presidentvalkampen i 2016, kritiserte Pence den demokratiske kandidaten Hillary Clinton for å ha brukt ein privat e-postserver då ho var utanriksminister. Pence peikte den gong på at dette truga tryggleiken i landet.

Få dagar før valet opna FBI på ny etterforskinga av Clinton og den private e-postserveren hennar. Saka vart avslutta få dagar seinare då dei ikkje fann bevis.

SISTE NYTT

Siste nytt