Hopp til innhold

Viseguvernør: – Sekkingstad er i god form

Kjartan Sekkingstad skal vere i god form, men treng å kvile før han reiser vidare, seier viseguvernøren i Sulu-provinsen på Filippinane til NRK om det norske gisselet som skal ha blitt frigitt laurdag.

Kjartan Sekkingstad

Kjartan Sekkingstad (56) skal vere lauslaten, etter snart eit år i gruppa Abu Sayyafs fangenskap.

Foto: Privat

– Vi kunne ikkje frakte han heile vegen hit i dag på grunn av dårleg ver, men vi ventar at han blir frakta hit i morgon tidleg, seier Abdusakur Tan, viseguvernør i Sulu-provinsen, til NRK.

Også forsvarsministeren på Filippinane stadfestar at Kjartan Sekkingstad er slept fri.

– Vi har forhandla om denne lauslatinga lenge, seier han.

Møter truleg presidenten

Presidentens fredsforhandlar, Jesus Dureza, som nyleg var i Noreg, er saman med Tan og seier i ei pressemelding at han vil få Sekkingstad flydd ut frå Jolo by søndag morgon. President Rodrigo Duterte skal «truleg» møte Sekkingstad same dag, seier president-talsmann Martin Andanar til NRK.

Tan seier flyet dei har standby skal frakta Sekkingstad til byen Davao sør på Filippinane, der han også moglegvis skal treffe den norske ambassadøren.

– Han er i god form, men eg trur han treng å kvile, og vil difor moglegeins bli verande nokre dagar i Manila, seier Tan.

Utanriksminister Børge Brende seier til NRK at han har vore i kontakt med Dureza og at han har fått stadfesta at Sekkingstad er fri.

Overlevert frå Abu Sayyaf

Sekkingstad skal for augeblikket vere hos leiaren av den islamske separatistgruppa Moro National Liberation Front (MNLF), Nur Misuari, i landsbyen Marang nær Indanan på øya Jolo i Filippinane.

Sekkingstad skal ha blitt overlevert frå islamistgruppa Abu Sayyaf, som bortførte han saman med tre andre for snart eit år sidan, til MNLF i Patikul-området. Dei skal ha diskutert staden for overleveringa i tre dagar for å sikre at det gjekk trygt føre seg.

Philstar skriv at det skal ha blitt betalt meir enn fem millionar kroner i løysepengar, men ikkje kven som skal ha utbetalt summen.

Førre månad hevda president Rodrigo Duterte at det hadde blitt levert løysepengar for Sekkingstad. UD har tidlegare nekta for at dei har gitt etter for krava frå kidnapparane.

Heller ikkje Tan vil kommentere om løysepengar har blitt betalt.

SISTE NYTT

Siste nytt