NRK Meny
Normal

Violet er eldst i verda

Ho er fødd 10. mars 1900. Med sine 117 år er Violet Brown frå Jamaica no den eldste personen i verda. – Hardt arbeid er løyndommen, seier ho.

Jamaica World's Oldest Person

Den eldste nolevande personen i verda, Violet Brown i heimen i Duanvale, Jamaica.

Foto: Raymond Simpson / AP

Laurdag 15. april døydde italienske Emma Morano, det siste mennesket som var fødd på 1800-talet – 29. november 1899.

Dermed er det no Violet Brown frå Jamaica som toppar lista over menneske som har levd aller lengst.

Japanske og italienske kvinner dominerer lista over dei ti eldste. Vi må ned til 15. plass for å finne ein mann. Han bur i Israel, og er 113 år.

117-åringen som toppar lista har brukt ein stor del av livet på skjære sukkerrøyr på plantasjen ved heimen vest på Jamaica. Ho bur der saman med den 97 år gamle sonen sin.

I helga har statsministeren på Jamaica, Andrew Holness, gratulert henne etter at ho gjekk inn i historiebøkene som verdas eldste person.

Laster Twitter-innhold

Brown seier i eit intervju med Associated Press at ho er overraska og takknemleg for å ha levd så lenge.

– Dette er det som Gud har gitt meg – eit langt liv, så det må eg ta imot, seier Brown. Ho fortel at ho har gått regelmessig i kyrkja. Ho unngår svinekjøtt og kylling. Helsa er bra – ho kan gå korte turar, men har tung høyrsel. Og løyndommen bak eit langt liv er hardt arbeid, meiner ho.

Jamaica World's Oldest Person

Violet Brown faldar hendene under intervjuet med Associated Press.

Foto: Raymond Simpson / AP

Brown blir rekna for å vere den eldste personen i verda med truverdig fødselsdokumentasjon, seier Robert Young. Han er direktør i Gerontology Research Group, eit nettverk av frivillige forskarar som fører oversikt over verdas eldste.

Brown er enno ikkje blitt erklært som eldst av Guinness rekordbok, men Guinness legg stor vekt på informasjonen dei kan få frå den frivillige forskargruppa.

Emma Morano

Emma Morano døydde 15. april, 117 år og 137 dagar gammal.

Foto: Antonio Calanni / AP

Guinness undersøkjer ei rekkje kandidatar til tittelen som verdas eldste.

– Dette kan vere ein komplisert og til dels langvarig prosess, seier Elizabeth Montoya, som er talsperson for Guinness.

– Vi kan ikkje stadfeste noko før vi er i mål med desse undersøkingane, seier Montoya.

Robert Young seier han har møtt Brown og undersøkt fødselsattesten hennar. Attesten er skriven ut av britiske styresmakter, som styrte Jamaica då Brown blei fødd.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt