Vinterregn endrar heile overflata på isen på Grønland

Stadig meir av vinternedbøren i nordområda kjem som regn. Dette kan føre til at havnivået stig meir og raskare enn ein tidlegare har rekna med, viser ny forsking.

Regn om viteren fører til auka issmelting i Arktis.

Kraftig auke i regn om vinteren har fått smeltinga av innlandsisen på Grønland til å skyte fart, viser ein ny forskingsrapport.

Foto: Kevin Krajick / Columbia University Earth Institute

Forskarar frå blant anna Columbia University Earth Institute i USA og Universitetet i Sheffield i Storbritannia har i ein ny forskingsrapport , publisert i tidsskriftet The Cryosphere torsdag, vist korleis stadig mildare ver og nedbør som regn smeltar stadig meir av innlandsisen på Grønland.

I rapporten heiter det blant anna at temperaturen over innlandsisen på Grønland sidan 1990 har auka med så mykje som 1,8 grader om sommaren og opp til 3,0 grader i vinterhalvåret. Forskarane reknar med at rundt 270 milliardar tonn med is smeltar kvart år.

Enorme mengder vatn

Issmelting på Grønland

Ein av forskarane ser på ei elv av smeltevatn.

Foto: Kevin Krajick / Columbia University Earth Institute

Inntil nyleg har ein trudd at mesteparten av smeltinga har kome frå isfjell som kollapsar. No meiner forskarane bak denne studien at smeltande innlandsis står for rundt 70 prosent av den totale issmeltinga.

Isdekket på Grønland inneheld så mykje vatn at vasstanden i verdshava kan stige med sju meter dersom alt smeltar. Dette er årsaka til at forskarar følgjer så nøye med på det som skjer med innlandsisen.

– Vi har visst at det kjem varmare luft til Arktis frå sør om vinteren, men det var overraskande å finne kombinasjonen med regn, seier prosjektleiar Marilena Oltmanns ved halvforskingssenteret Geomar i Tyskland til BBC .

– Vi kommer til å miste Grønland

Issmeltingen på Grønland er firedoblet på ti år

Forskarar i arbeid på Grønlandsisen.

Mengda av regn om vinteren uroar forskarar som studerer smeltinga av innlandsisen på Grønland.

Foto: Kevin Krajick / Columbia University Earth Institute

– Alvorlege følgjer

Rapporten i The Cryosphere har teke utgangspunkt i satellittbilete kombinert med 20 automatiske vêrstasjonar, som registrerer når det regner og mengda av regn som fell.

Forskingsprosjektet starta i 1979. I dei første undersøkingane vart det registrert det to økter med vinterregn i året. I 2012 var det registrert 12 økter med vinterregn. Forskarane er overraska over mengda av regn som fell om vinteren.

– Regnet har alvorlege følgjer, seier Marco Tedesco frå Columbia-universitetet.

– Sjølv om vinterregnet raskt frys til is igjen, så endrar det heile overflata på isen. Ho blir glattare og mørkare, noko som igjen fører til at isen smeltar raskare når sommaren kjem, legg forskaren til.

The Melting of the Greenland Ice, Seen Up Very Close

SISTE NYTT

Siste nytt