Sudan vart kasta ut i politisk kaos etter at veteranpresidenten Omar al-Bashir vart avsett 11. april og ein militærjunta tok makta.
Ei sivil protestrørsle har kravd demokratiske val, men forhandlingane med juntaen har fleire gongar stranda i vald og uro.
– Ein ny era for Sudan
Natt til fredag kunngjorde partane at dei har blitt samde om eit «vegkart» til demokratiske val.
– Vi håpar dette er byrjinga på ein ny era, sa leiaren for opposisjonsrørsla «Forces for freedom and change», Omar al-Degair.
Nestleiaren for militærrådet, general Mohamed Hamdan Dagalo lova at «avtalen ikkje ville ekskludere nokon».
Dette har dei blitt samde om:
- Det blir oppretta eit sivilmilitært råd der juntaen og protestrørsla byter på å ha presidentembetet i ein overgangsperiode på tre år.
- Etter denne overgangsperioden vil det bli arrangert demokratiske val.
- Etter valet skal soldatane trekke seg tilbake til militærbrakkene sine.
- Begge sider har gått med på å innleie ei grundig etterforsking av overgrep og valdshandlingar dei siste vekene.
Massakre ved Nilen
Den førre runden med forhandlingar braut saman 3. juni da soldatar opna eld mot demonstrantane som streika i eit område i Khartoum.
Vitne seier soldatane kasta både døde og levande i Nilen, og truleg vart over 100 menneske drepne.
Demonstrantane sett fyr på dekk og blokkerer ein viktig veg. Dei gav ikkje opp etter massakren, der over 100 menneske skal ha blitt drepne. Fleire dagar etter massakren vart det funne nye lik i Nilen.
Foto: ASHRAF SHAZLY / AFPMed eit Sudan på kanten av stupet flaug Etiopias statsminister inn til Khartoum 11. juni i eit desperat forsøk på å få partane tilbake til forhandlingsbordet før det var for seint.
Og i natt kom det som ser ut til å vere eit gjennombrot, om ikkje anna blir det ein sårt tiltrengd pause i valdshandlingane.
Karismatiske Omar al-Bashir var ein kontroversiell president for Sudan både på heimebane og internasjonalt. Etter han vart avsett har brote ut intern maktkamp om framtida til landet.
Foto: STRINGER / Reuters