Skaut mot politi med automatvåpen

Politifolk i store delar av Sør-Sverige deltar i jakta på biltjuvar som skaut mot ein politipatrulje i sørsvenske Småland.

Biljakt i Sverige
Foto: BJÖRN LARSSON ROSVALL / Scanpix

Politiet fryktar eit dramatisk oppgjer, viss tjuvane blir stoppa.

Like før klokka åtte fann svensk politi ein brennande bil i Boseryd i Småland, opplyser Svenska Dagbladet på sine nettsider.

– Det kan vera bilen me leitar etter, seier Calle Persson på politiets kommunikasjonssentral i Skåne til avisa.

Biljakt i natt

Det blei natt til tysdag fyrt av skot mot ein politipatrulje i Hyltebruk i Småland. Gjerningsmennene som er på flukt i ein stolen,raud Saab vert no jaga over heile det sørlege Sverige.

Politiet oppfordrar folk til å halda avstand om dei ser bilen, skriv Aftonbladet.

Skaut med automatvåpen

Politipatruljen fatta mistanke til bilen i Hyltebruk i tretida natt til tysdag. I staden for å stoppa, blei det avfyrt skot med automatvåpen frå bilen, som deretter forsvann i
stor fart.

Fleire skot trefte politibilen, men ingen politimenn blei såra under skyteepisoden.

– Kaldblodige typar

– Me oppfordrar ållmennheita til å vera forsiktige dersom bilen dukkar opp. Dette ser ut til å vera kaldblodige typar som skyter direkte når ein politibil nærmar seg, seier Hans Nilsson, vakthavande befal ved Skånepolitiet til svenske Aftonbladet.

Til avisa Ekspressen seier Nilsson at politet ikkje veit årsaken til at gjerningsmennene utan forvarsel avfyrte skot, men at dei trur det kan dreie seg om ran av verditransport.

- Sit ein i ein stolen bil med automatvåpen og reagerer på denne måten, handlar det truleg om større ting, seier Nilsson.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Saka vert oppdatert.

SISTE NYTT

Siste nytt