NRK Meny
Normal

Trugar med væpna krig i Vest-Sahara

– Marokko kjem til vere i Sahara til verda går under, sa den marokkanske kongen torsdag. Det har gjort folk i Vest-Sahara så rasande at dei no trugar med å ta opp våpena og kjempe mot Marokko, som dei meiner har okkupert landet deira i 39 år.

SPAIN-ALGERIA-WSAHARA-POLISARIO -

Ei saharawisk kvinne går forbi ei øydelagd stridsvogn i ørkenen. Det er 23 år sidan partane la ned våpena, men no trugar ei saharawisk frigjeringsrørsla med å ta opp våpena att.

Foto: DOMINIQUE FAGET / Afp

Morocco Algeria Sahara Dispute Western Sahara Forgotten Front

Ein eldre saharawisk mann framfor Vest-Sahara sitt flagg.

Foto: Daniel Ochoa de Olza / Ap
SPAIN-ALGERIA-WSAHARA-POLISARIO -

Verdas nest lengste mur går gjennom Vest-Sahara og er med på å hindre folk å kome seg tilbake att til det vestlege Vest-Sahara.

Foto: DOMINIQUE FAGET / Afp
SPAIN-MOROCCO-WSAHARA-PROTEST

Mange saharawiarar har flytta til Spania. Her eit bilete frå ein demonstrasjon i Madrid for eit år sidan.

Foto: DANI POZO / Afp
Algeria/ A general view of a Sahrawi refugee camp in Tindouf

Flyktningleiren i Tindouf har etter 40 år med konflikt blitt til ein eigen liten by i Algerie. Mange av saharawiarane som bur i flyktningleiren har aldri vore i landet sitt.

Foto: LOUAFI LARBI / REUTERS

Om eit år er det 40 år sidan Marokko tok over makta i Vest-Sahara, men det skjedde ikkje utan motstand. Store deler av folket som opphavleg budde i området, saharawiarane, meiner at Marokko har okkupert landet deira.

Mange bur i flyktningleir i Algeria, og har gjort det i fleire generasjonar, og det er lite som tyder på at Marokko har tenkt å gi frå seg makta i Vest-Sahara, sjølv om få andre land anerkjenner Marokkos kontroll over territoriet. FN har også fordømt Marokko sin invasjon.

Haldt tale på 39-årsdagen

Konflikten i Vest-Sahara har vore lite blodig dei siste åra, etter at ein fredsavtale vart forhandla fram av FN i 1991. Men no trugar den saharawiske frigjeringsrørsla Polisario med å ta opp våpena att og starte ein ny krig, slik som på 80-talet.

Det skjer etter at den marokkanske kongen, Kong Mohamed VI, provoserte saharawiarane i ein tale torsdag denne veka.

– Marokko vil bli verande i Sahara, og Sahara vil vere ein del av Marokko til verdas ende, sa kongen i talen som vart halden under eit arrangement som markerte at det er 39 år sidan Marokko annekterte det omstridde området.

Det er Polisario sin utanriksminister, Mohamed Salem Ould Salek, som kjem med trugselen. Han meiner saharawiarane «ikkje har noko val enn å starte ein ny krig», seier han til det algeriske nyheitsbyrået APS.

Vil ha folkerøysting

Heilt sidan fredsavtalen vart inngått i 1991 har saharawiarane håpa på at Marokko vil halde sin del av avtalen, og gjennomføre ei folkerøysting om Vest-Sahara si framtid. Den marokkanske kongen sitt ferske utsegn skaper heller ikkje nytt håp om ei folkerøysting.

Men prosessen har dratt ut og det har framleis ikkje vore noko folkerøysting. I tillegg har Marokko og Polisario heilt ulike syn på kven som skal få lov til å røyste ved eit eventuelt val.

FN sin operasjon i Vest-Sahara, Minurso, har hausta mykje kritikk for å ikkje gjere nok. Mellom anna har ikkje Minurso mandat om å rapportere på menneskerettsbrot, som den einaste FN-operasjonen i verda.

Omstridd fiske og oljeleiting

I Marokko er folk av ei heilt anna oppfatning enn blant Polisario sine tilhengjarar. Der vert området omtalt som ein del av Marokko, og på alle kart av Marokko er også Vest-Sahara medrekna som ein del av landet.

Mange marokkanarar jobbar også i Vest-Sahara, der Marokko mellom anna driv med utvinning av fosfat og fiske. Mellom anna har EU inngått ein avtale med Marokko om å kjøpe fisk som er fiska i saharawisk farvatn.

Den siste tida har det også blitt jobba med å bore etter olje utanfor kysten, noko som har vore særs omstridd. I mars vart Aker Solutions blitt skulda for å levere utstyr til Kosmos Energy, som skal leite etter olje i havet mellom Vest-Sahara og Kanariøyane.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt