Urix forklarer

Vil stoppe asylinnvandring – favoritt til å bli statsminister

KØBENHAVN (NRK): Ho har tatt det danske sosialdemokratiet til høgre i innvandringspolitikken og til venstre i velferds- og klimapolitikken. Det kan bli ein vinnarformel i dagens danske folketingsval.

Mette Fredriksen

Mette Frederiksen har overraska med innstrammingar i innvandringspolitikken.

Foto: Johan Nilsson/tt / NTB scanpix

Mette Frederiksen overraska mange då ho innleia eit tett samarbeid med den borgarlege regjeringa og deira støtteparti Dansk Folkeparti om innstrammingar i innvandringspolitikken.

Danskane har i denne folketingsperioden sett ein stopp for mottak av kvoteflyktningar og vedtatt det som blir kalla paradigmeskiftet i dansk utlendingspolitikk. Nemleg å flytte hovudfokus frå integrasjon og over på heimsending, når tilhøva i heimlandet har endra seg.

Mette Frederiksen

Mette Frederiksen blir truleg Danmarks yngste statsminister.

Foto: Fabian Bimmer / Reuters

Grepa rundt innvandringspolitikken blir også brukte som forklaring på at Sosialdemokratiet ser ut til å ha kapra mange veljarar. Ikkje minst frå innvandringskritiske Dansk Folkeparti som kan kome til å halvere oppslutninga si frå førre val.

Omlegging av asylpolitikken

Mette Frederiksen ønskjer ei omlegging av heile asylsystemet. Ho vil ha ein stopp i asylinnvandringa til Danmark, og opprette mottakssenter utanfor Europa.

Så vil ho opne for eit moderat mottak av kvoteflyktningar igjen, og sette eit tak på kor mange ikkje-vestlege innvandrar som kan kome til Danmark. Det vil etter hennar meining gi kontroll på innvandringa til Danmark.

Derfor ønskjer ho også å etablere ei sosialdemokratisk mindretalsregjering etter valet, slik at ho kan samarbeide med høgresida om ein stram innvandringspolitikk, og til venstre i sosialpolitikken og klimapolitikken.

Må ha støtte av innvandringsliberalarar

Men for å kome seg inn i regjeringskontora må Mette Frederiksen ha støtte frå såkalla raud blokk i dansk politikk. Der er det parti som ønskjer ei liberalisering av innvandringspolitikken.

Derfor er det knytt nesten like stor spenning til det som skjer etter valet i Danmark, som til sjølve utfallet i kveld.

Allereie i morgon kan det vere duka for ein såkalla dronningrunde og innleiing av forhandlingar om plattforma for ei ny regjering.

Usikre målingar?

Meiningsmålingar skal ein ikkje stole blindt på, det har dei siste åra lært oss. Så seint som i det danske EU-valet for ei dryg veke sidan blei den borgarlege statsminister Lars Løkke Rasmussen overraskande valvinnar. Og ingen tør heilt å avskrive han.

Lars Løkke Rasmussen

Statsminister Lars Løkke Rasmussen ser ut til å ha gitt opp å få fleirtal bak si blå regjering.

Foto: Philip Davali / Ritzau Scanpix / NTB scanpix

Men når det gjeld folketingsvalet har målingane så lenge gått i raud favør at statsministeren sjølv i går slo fast at han gir opp å få det ønska fleirtalet bak si blå regjering.

Han inviterte så til regjeringssamarbeid over blokkgrensene i dansk politikk, for å demme opp for innflytelse for ytterfløyparti begge sider, som han understreka. Men invitten blei avslått av opposisjonen i raud blokk.

Raud og blå blokk

Dansk politikk er delt inn i raud og blå blokk.

Raud blokk er Sosialdemokratiet, Enhetslisten og Sosialistisk Folkeparti, tilsvarande norske Raudt og SV, i tillegg kjem det sosialliberale Radikale Venstre. Eit parti som varslar at dei vil selje seg dyrt i eventuelle forhandlingar om grunnlaget for ei ny regjering.

Men alle desse partia peika i gårsdagens avsluttande partileiardebatt på Mette Frederiksen. Til saman har den raude blokka ei solid leiing, ifølge målingane.

Til blå blokk høyrer dagens tre regjeringsparti; Venstre, som er det førande partiet på borgarleg side, Liberal Allianse og Det Konservative Folkeparti.

Folketingsvalg i Danmark

Frå partileiardebatten sist måndag. Frå høgre er Søren Pape Poulsen, Mette Frederiksen, Morten Østergaard og Lars Løkke Rasmussen.

Foto: Mads Claus Rasmussen / Ritzau Scanpix / NTB scanpix

I den blå blokka finn vi også Dansk Folkeparti, som er støttespelar for regjeringa.

I tillegg stiller fem mindre parti i valet, mellom dei to parti på ytre høgre som balanserer på den danske sperregrensa på to prosent. Kjem desse partia inn i Folketinget kan det gi eit meir krevjande parlamentarisk landskap for den som skal bygge regjering. Det er også med å forklare utspelet til statsministeren om regjeringssamarbeid over blokkgrensene.

Underleg valkamp

Det har vore ein underleg valkamp.

Rett nok har dei viktigaste sakene vore klimapolitikk, helse- og omsorgspolitikk og innvandringspolitikk, ikkje overraskande.

Men statsminister Lars Løkke Rasmussen sette stemninga tidleg ved å gi ut ei bok der han opna for ein plan B; samarbeid over blokkgrensene dersom det ikkje skulle lukkast å få attval den blå regjeringa.

I går gjorde han plan B til plan A og slo fast at han gir opp å få det ønska fleirtalet bak si blå regjering. Og tok altså til orde for regjeringssamarbeid over blokkgrensene.

Ingen veit heilt korleis utspelet vil slå ut ved urnene i dag, men det fekk professor i statsvitskap Drude Dahlerup til å kome med følgande hjartesukk i avisa Politiken:

«Eg har vanskeleg for å sjå at det er ein skarp høgre-venstre skala i dansk politikk. Både fordi Dansk Folkeparti har rykt mot midten, fordi Sosialdemokratiet har gått til høgre og fordi Venstre skifter politikk annankvar dag.»

Ny regjering?

Tilbake etter ein fire veker lang valkamp står eit forvirra velgjarkorps.

Mykje tyder på at dei stemmer slik at Lars Løkke Rasmussen må levere sin avskjedssøknad til Dronninga, og at 41 år gamle Mette Frederiksen får sjansen til å innleie forhandlingar.

Med sikte på å oppnå sin draum om å danne ei sosialdemokratisk mindretalsregjering, og bli Danmarks yngste statsminister nokon gong.

SISTE NYTT

Siste nytt