Hopp til innhold

Vil stille Musharraf for riksrett

Dei regjerande koalisjonspartia i Pakistan er samde om å stille president Pervez Musharraf for riksrett.

Pakistans president Pervez Musharraf

Pakistans president Pervez Musharraf blir stilt for riksrett.

Foto: PRESS INFORMATION DEPARTMENT / AFP

Dette sa dei to partileiarane Asif Ali Zardari, enkemannen etter Benazir Bhutto, og Nawas Sharif, på ein pressekonferanse i Islamabad i ettermiddag norsk tid.

Semja om å innleie riksrettssak mot Musharraf kjem etter tre dagar med maratonsamtalar mellom dei to partileiarane.

Nawaz Sharif blir rekna som sjølvaste erkefienden til Musharraf i pakistansk politikk.

I går vart det klart at Musharraf har avlyst reisa si til Kina, der han etter planen skulle vere til stades under opningsseremonien av Dei olympiske leikane i Beijing i morgon fredag.

Unntakstilstand

Avgjerda fører til at den politiske krisa i Pakistan vil forverre seg. Det er knytt stor spenning om kva Musharraf vil gjere, og det er frykt for at han vil oppløyse parlamentet og innføre unntakstilstand.

Dei to partileiarane åtvara Musharraf på det sterkaste mot å gå til eit slikt skritt.

- Om han gjer det, så vil det bli den siste han gjer mot det pakistanske folket, sa Zardari blant anna.

Musharraf har sterk støtte i dei væpna styrkane, og mykje vil avhenge av kva hæren vil gjere i denne situasjonen.

Det pakistanske folkepartiet, som har vore leidd av Bhutto-familien i fleire generasjonar, og Sharifs Den muslimske ligaen, vil også gjeninnsetje fleire dommarar som tidlegare har fått sparken av Musharraf.

Støtte frå USA

Pervez Musharraf har regjert Pakistan sidan 1999, då den dåverande forsvarssjefen tok makta i eit militærkupp. Han har hatt sterk støtte frå USA, som ser på Musharraf som ein viktig alliert i kampen mot terror.

Inntil i fjor var han både forsvarssjef og president. Då han vart valt til president for ein ny periode trekte han seg som sjef for det pakistanske forsvaret.

Det er venta at arbeidet med å innleie ei riksrettssak mot Musharraf vil starte i nasjonalforsamlinga førstkomande måndag.

Asif Ali Zardari (t.v.) og Nawas Sharif.

Enkemannen etter Benazir Bhutto, Asif Ali Zardari (t.v.) og Nawas Sharif er samde om å stille presidenten for riksrett.

Foto: PAKISTAN PEOPLE'S PARTY / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt