Hopp til innhold

Vil sløkke OL-fakkelen

Kina har døypt fakkelstafetten før OL for "Den harmoniske reisa". Men fakkelen vil bli møtt med demonstrasjonar etter uroa i Tibet.

OL-fakkelen

Plakat av dei kinesiske idrettsheltane Yao Ming (til venstre) og Liu Xiang, som skal delta i fakkelstafetten.

Foto: FREDERIC J. BROWN / AFP

Neste tysdag skal OL-fakkelen på veg frå Hellas til Kina, ein tur på 137.000 kilometer som tek 130 dagar. Kina har døypt turen "Den harmoniske reisa". Men dét er heller tvilsomt.

Fakkelen skal nemleg gjennom Tibet og over Mount Everest, og det er frykt for at tibetanske demonstrantar vil prøve å stoppe han. Den britiske Tibet-komiteen lover demonstrasjonar i London.

- Ja, når fakkelen kjem til London sjette april, lanserer vi samtidig den tibetanske fridomsfakkelen. Vi protesterer ikkje mot den olympiske ånd, men mot Kina sin oppførsel. Tibetanarar i London skal også sveltestreike, seier Dalha Tsering i den britiske Tibet-komiteen til BBC.

- Ber fakkelen uansett

Men ein av dei 20.000 fakkelberarane fortel at han kjem til å bidra med sitt - uansett kva Kina gjer i Tibet.

- Det som skjer i Tibet er ille, men vi må sjå på OL som ei positiv kraft for utøvarane, seier symjaren Duncan Goodhew, som vann gull på hundre meter bryst i Moskva OL i 1980, eit OL som vart boikotta av kring femti land, også Noreg. Så langt boikottar ingen Kina-OL. Og Goodhew seier det slik:

- Då Moskva-OL vart boikotta, hadde det fordi russarane hadde gått til åtak på Afghanistan. Mitt synspunkt var at når ein gorilla spelar på ein Stradivarius, så øydelegg du ikkje fiolinen, du prøver heller å stoppe gorillaen. Eg kjem til å gjere mitt for OL uansett, seier Duncan Goodhew til BBC.

- Kina endrar seg ikkje

Men sjølv om presset mot Kina aukar, skal det mykje til før president Hu Jintao endrar Tibet-politikken sin:

- Eg ser ingen teikn på at Kina lar seg presse av moralske argument slik som eit demokratisk regime ville, seier Patrick French, forfattar av boka Tibet, Tibet, til BBC.

- Vi må hugse at det var nettopp dagens president Hu Jintao som var partisekretær i Tibet i 1988-89 og som gjekk brutalt til verks mot protestane den gongen. Eg ser ingen teikn på at Kina vil endre politikken sin, seier Patrick French.

Pelosi ber om gransking

I dag fekk Tibet sin åndelege leiar Dalai Lama besøk av den tredje mektigste politikaren i USA.

Fleire tusen eksiltibetanarar jubla då dei møtte Nancy Pelosi, som er leiar for representanthuset i den amerikanske Kongressen. Etter eit møte med Dalai Lama i Dharamshala i India i dag, kom demokraten Pelosi med krass kritikk av Kina.

- Dersom fridomselskande land over heile verda ikkje tek opp Kina si undertrykking i Kina og Tibet, mistar vi all moralsk tyngde når vi snakkar om menneskerettar andre stader i verda, seier Nancy Pelosi, og legg til:

- Situasjonen i Tibet er ei utfordring for verda sitt samvit.

Pelosi ber om ei internasjonal gransking av Kina sine påstandar om at Dalai Lama står bak bråket i Tibet. Møtet i dag aukar presset mot Kina før OL. Samtidig har opprøret frå Tibet spreidd seg til område i Kina der det bur mange tibetanarar.

Vanskeleg for journalistar

Kinesisk fjernsyn viser bilder av opprør i dei kinesiske naboprovinsane til Tibet. Men vestlege journalistar har problem med å følgje med:

- Vi drog frå Hezuo i Gansu-provinsen ved daggry fordi vi frykta å bli oppdaga, fortel BBC-korrespondent James Reynolds frå Gansu-provinsen i Kina, der eitt av opprøra har skjedd. I dag såg han mengder av soldatar, væpna med maskingevær med bajonettar. Dersom dette held fram, kan OL seinare i år få ein stygg bismak for Kina:

Nancy Pelosi understreka i dag at ho ikkje vil ha ein boikott av OL. Men i neste veke skal EU-parlamentet diskutere kva dei bør gjere. Både franske og engelske politikarar seier EU bør vurderer å boikotte.

Meir om fakkelstafetten på Wikipedia

Meir om "Den harmoniske reisa"