Hopp til innhold

Russland vil skjerpe nettkontrollen

Russiske styresmakter vurderer å opprette eit separat kyrillisk-basert internett for å skjerpe kontrollen med russiskspråklege nettsider.

Nettavis på kyrillisk

Skjermbilete av russisk nettavis

Foto: Skjermbilete / NRK

Eit eige nett basert på det kyrilliske alfabetet kan kome til å verte så godt som uavhengig frå resten av verdsveven. Det skriv den britiske avisa The Guardian.

I følgje organisasjonen Internet Governance Forum kan russiske brukarar kome til å trenge eit eige passord frå styresmaktene for å få tilgang til det globale nettet. Dette vil gje styresmaktene effektiv kontroll med nettbruken.

Verktøy mot kriminalitet

Russiske styresmakter argumenterer med at det separate nettet skal vere eit verktøy i kampen mot internettkriminalitet, men vestlege tryggleiksekspertar ser det annleis. I følgje Guillaume Lovet ved IT-tryggleiksselskapet Fortinet, er IT-kunnskapen hjå russiske datakriminelle så høg, at ein slik kontroll ikkje vil fungere.

- Eit kvart forsøk på å stenge russiske hackarar inne i eit slags russisk cyberspace er dømd til å mislukkast.

Guillaume Lovet

Andre IT-ekspertar går lengre, og meiner at dette skilje kan gjere det vanskeleg å spore russisk cyberkriminalitet.

- Dette vil fungere som ein mur mellom dei kriminelle og offera deira, meiner forskar og Russlands-ekspert Jose Nazario ved IT-tryggleiksselskapet Arbor.

- Det inneber også ei opptrapping av spenninga mellom Russland og Vesten, seier han.

Tryggleiksproblem

Heilt problemfritt er eit kyrillisk-basert internett heller ikkje sett frå russisk side. Eit av hovudproblema for russarane er at det russiske toppdomenet, som har det romanske ASCII-suffikset .ru, vert til .py på kyrillisk. Og domenenamnet .py tilhøyrer allereie Paraguay.

Denne overlappinga kan gje tryggleiksproblem for russarane. Difor prøver russiske styresmakter no å få tildelt toppdomenet .rf frå det internasjonale organet Icann, som kontrollerer toppdomena i verda.

Servarkontroll 

Eit avgjerande spørsmål er kor vidt russiske internasjonale domenenamn vil kome til å bruke russiske hovudservarar eller om det skal bruke dei eksisterande hovudservarane i dag, som stort sett held til i USA.

Nye servarar kan løyse tryggleiksproblemet overfor Paraguay, og vil heller ikkje koste særskild mykje å setje opp. I følgje IT-ekspertar vil nye servarar derimot skape ei mengd tekniske problem.

Russarane vil mellom anna måtte setje opp eigne bruer mellom det kyrilliske nettet og det globale ASCII-dominerte nettet.

 

SISTE NYTT

Siste nytt