Vil merke alkohol med fare for kreft

Irland kan bli det første landet i Europa som får ei åtvaring på alkoholflaskene mot at alkoholkonsum kan føre til kreft. Den irske bryggeriforeininga vil kjempe imot.

En pint med Guinness

Irland er blant anna kjent for produksjon av øl, sider og whisky. No kan irsk alkohol bli merka med ei åtvaring om at det kan føre til kreft. Ifølgje utrekningar det irske helsedepartementet gjorde i 2015, drakk kvar ire over 15 år i snitt tilsvarande 41 liter whisky eller vodka, eller over 116 flasker vin.

Foto: PAUL ELLIS / Afp

Vi kjenner åtvaringar mot kreft på røyk- og tobakksvarer. Men no vil irske styresmakter gjere det same med alkohol.

Tre år etter at forslaget først kom på bordet, vedtok underhuset i den irske nasjonalforsamlinga den nye alkohollova sist veke. Ifølgje lova skal all alkohol merkast med ei åtvaring om at alkohol kan føre til kreft. Lova set også avgrensingar for alkoholreklame og seier også at alkohol skal skiljast ut frå andre varer i butikken, skriv The Irish Times.

Onsdag skal overhuset ta stilling til lovforslaget, før det eventuelt blir sendt til presidenten for godkjenning.

Mange land har restriksjonar på alkoholreklame og sponsing. I Noreg er dette forbode. Men dersom den irske lova går igjennom, blir Irland det første landet der alkoholprodusentar må trykke åtvaringar om helserisiko på flaskene, skriv The New York Times.

På drikketoppen

Simon Harris, helseminister i Irland

Den irske helseministeren Simon Harris meiner irane har eit usunt forhold til alkohol. Han er difor glad for at alkohollova blei vedteken etter tre år med debatt i underhuset i førre veke. Onsdag skal overhuset i det irske parlamentet behandle forslaget.

Foto: BOBBY YIP / Reuters

Ifølgje ein rapport frå Verdas helseorganisasjon frå 2014, var det berre austerrikarane som drakk meir alkohol per innbyggar enn Irland. Undersøkinga viste at 39 prosent av dei over 15 år rapporterte at dei hadde høgt alkoholkonsum i løpet av ein månad.

Helsestyresmaktene i Irland rekna i 2015 ut at kvar ire over 15 år drakk i snitt tilsvarande 41 liter med whisky eller vodka, eller over 116 flasker vin i året, skriv The New York Times.

Formålet med den nye lova er å få ned dette forbruket. Då underhuset vedtok lova i førre veke, sa helseminister Simon Harris at landet hadde eit skadeleg forhold til alkohol.

– Alkohol øydelegg helsa vår, familiane vår og samfunnet vårt, sa han til The Irish Times.

Han kallar avgjerda i underhuset for banebrytande.

Møter motstand

Men lovforslaget gjekk ikkje gjennom utan motstand. Forslaget har vore utsett fleire gongar i løpet av dei tre åra som har gått sidan forslaget kom på bordet første gong. Blant dei som stemte i mot under behandlinga i underhuset var den uavhengige representanten Michael Healy-Rae.

– Dette er ei demonisering av ein industri. Eg ser ikkje noko gale i ei moderat marknadsføring av alkohol.

Temple Bar Dublin

Temple Bar-området i Dublin er eit turistmål i den irske hovudstaden. Her ligg det mange kjende pubar.

Foto: PAUL ELLIS / Afp

Irland er ein stor produsent av både whisky, øl og sider. Direktøren i den irske bryggeriforeininga, Patricia Callan, seier til The Irish Times at dei støttar formålet med å få ned alkoholmisbruk og bruk blant mindreårige.

Samtidig fryktar ho lovforslaget skal skade omdømmet til irske bryggeri.

– Når turistar kjøper med seg irske drikkevarer for å ha i barskapa sine, risikerer vi at irsk whisky med kreftåtvaring blir sett saman med ei skotsk flaske som ikkje har det.

Dersom lovforslaget blir vedteke, må merkinga godkjennast av EU. Det kan difor ta lang tid før dei første flaskene eventuelt får åtvaringar.

SISTE NYTT

Siste nytt