Den statlege israelske radioen melde i dag at dei fleste av dei over 600 har flytta til Gush Katif, som er den største israelske busetjinga på Gazastripa.
Dette skjer trass i at hæren har forbode israelarar å flytte til Gazastripa, og målet er truleg å styrkje motstanden mot den planlagde tilbaketrekkinga.
Uzi Landau, Knesset-medlem og leiar for Likud-partiet, har nyleg vore i New York saman med ei gruppe busetjarar, for å skaffe økonomisk støtte til kampen mot tilbaketrekking frå Gazastripa.
Det er planlagt ein sivil ulydnad-kampanje, melder radioen, for å hindre det busetjarane kallar ei tvungen evakuering av jødar.
I går gjekk den tidlegare statsråden Effi Eitam ut og sa at han vil flytte til Gush Katif, trass i forbodet.
Avisa Yediot Aharonot melder at rundt 500 israelarar har meldt adresseendring til Gush Katif dei siste vekene, medan andre kjelder i busetjinga seier at talet på nye innbyggjarar er 800.
I går kveld samla rundt 10.000 israelarar i ei massemønstring i Tel Aviv for å markere støtte til regjeringa sin plan om tilbaketrekking frå Gazastripa.
Alle meiningsmålingar viser at eit fleirtal av israelararne støttar planen om å evakuere dei 21 busetjingane på Gazastripa, pluss fire på Vestbreidda.
Busetjarane ser på Gazastripa og Vestbreidda som bibelsk jord, og nektar å godta Ariel Sharons plan om tilbaketrekking.
Det er frykt for at ekstreme busetjarar vil bruke vald for å hindre gjennomføringa av planen.
Meir enn 10.000 israelarar demonstrerte til støtte for planen om tilbaketrekking frå Gazastripa i Tel Aviv i går kveld. (Foto: AP/Scanpix)