Hopp til innhold

Vil ikkje lenger sperre flyktningane inne

Stillehavsøya Nauru melder at asylsøkarane i den omstridde australske leiren her no kan bevege seg fritt på øya. Flyktningforkjemparar let seg ikkje imponere.

Nauru

HANDSAMAR ASYLSØKNADENE HERFRÅ: Stillehavsøya og republikken Nauru har berre 10.000 innbyggarar, og husar eit senter med meir enn 600 asylsøkarar.

Foto: TORSTEN BLACKWOOD / AFP

Senteret vart sett opp som ein del av den strenge asylpolitikken til Australia. Landet har nekta båtar med flyktningar å legge til på australsk territorium. Dei har også ein leir på Manus, ei øy tilhøyrande Papua Ny-Guinea, og har vorte møtt med skuldingar om brot på menneskerettane. Det siste er to rapporterte tilfelle av valdtekter på Nauru-senteret.

I tillegg til å opne for fri ferdsel på øya lovar dei også å handsame dei rundt 600 asylsøknadane som står att i løpet av veka.

– Dette er eit vendepunkt for Nauru og representerer eit meir barmhjertig program, seier den nauriske justisministeren David Adeang til nyhendebyrået AFP.

Australia ønsker dette velkommen, og vil hjelpe øya med ressursar.

– Løyser ikkje dei grunnleggande problema

Flyktningforsvararar seier på si side at endringa kjem i ellevte time, og trur den heng saman med ein rettssak i Australia sin høgsterett seinare denne veka som skal undersøke om landet sin politikk med å halde flyktningane unna territoriet er lovleg.

– Å gå over til eit ope senter er ei viktig og hardt framkjempa betring, men å la folk ta seg ein tur løyser ikkje dei grunnleggande problema ved å oppbevare dei på ei lita avsidesliggande øy, seier Daniel Webb frå det Melbourne-baserte Human Rights Law Centre til AFP.

Ny statsminister forsvarer den strenge linja

Malcolm Turnbull, som førre månad vart Australia sin nye statsminister etter at partifellen Tony Abbott tapte leiarvervet i det liberale partiet, viser ikkje teikn til at han vil mjuke opp den stramme linja til Abbott ytterlegare.

Australias statsminister Malcolm Turnbull

NY STATSMINISTER: Malcolm Turnbull støttar sin forgjengar i flyktningpolitikken.

Foto: Stefan Postles / Afp

– Det einaste vi veit er at denne politikken, sjølv om den er streng, faktisk verkar, den reddar liv, sa han nyleg til ABC News.

Over 60 ekspertar på flyktninglov og andre akademikarar har skrive eit brev til den nye statsministeren der dei ber om at dei som arbeider på flyktningsentera må få lov å uttale seg til FN om brot på menneskerettar, skriv The Guardian. Desse har under den såkalla Border Force Act, som vart vedteken tidlegare i år, teieplikt. dei kan risikere opp til to år i fengsel om dei fortel om levekåra eller handsaminga av dei innsette på flyktningsentera.

SISTE NYTT

Siste nytt