NRK Meny
Normal

Vil ikkje dele heilag grunn i India

Begge partar seier dei vil anke dommen om deling av det omstridde religiøse området i Ayodhya i India.

Hinduprestar feirar dommen

Hinduprestar feirar då dei får høyre dommen, men begge partar seier dei vil anke saka til høgsterett.

Foto: MUKESH GUPTA / Reuters

Ifølgje dommen som vart lest opp i dag, må indiske hinduar og muslimar dele det omstridde området i Ayodhya mellom seg i tre deler.

Striden frå 1500-talet er likvel ikkje løyst, då begge partar seier dei vil anke dommen, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Striden starta då ein moské vart reist i byen i 1528. Det var muslimar som gjorde dette på ein stad som blir rekna av hinduar for å vere fødestaden til Lord Rama, inkarnasjonen av Vishnu, ein av dei tre viktige gudeskikkelsane i hinduismen.

Saka går til høgsterett

Ei gruppe hinduar som hadde samla seg utanfor det omstridde området seier dei er veldig glade for dommen.

Dommen blir likevel anka frå begge sider.

– Retten har respektert hinduistisk tru, men vi vil ta saka til høgsterett fordi vi det framleis er ein kamp å kjempe her, seier Nritya Gopaldas Maharaj, leiaren for Hindu Ram Janam Bhoomi-fondet ifølgje nyheitsbyrået AFP.

– Vi kan ha samtalar med hinduane om det kjem tilbod får dei om det. Retten har akseptert at det var ein moské, men vi vil ikkje godta denne tredelinga og tar saka til høgsterett, seier advokaten Zafaryab Jilani som representerer den muslimske parten.

Fryktar opptøyer

Hinduistar angrip det heilage området

Her angrip hinduar det heilage området i 1992.

Foto: SUNIL MALHOTRA / Reuters

I 1992 vart moskéen riven av rasande hinduar. I bråket som følgte, vart rundt 2000 menneske drepne.

Det er venta opptøyer i byen, og 200.000 politifolk er sende dit for å halde kontroll med folkemengdene.

Også i 2002 vart fleire hundre menneske drepne i opptøyar knytt til konflikten. Mellom anna vart eit tog med fleire hundre arbeidarar som arbeidde i Ayodhya, satt fyr på.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt