Mark Simmond møtte Goodluck Jonathan i dag for å diskutere tiltak for å få dei bortførte jentene fri.
Abubakar Shekau er leiar for terrororganisasjonen Boko Haram i Nigeria.
Foto: HO / Afp– Han gjorde det svært klart at det ikkje er aktuelt å forhandle med Boko Haram om eit byte som involverer dei bortførte jentene, sa Simmond på ein pressekonferanse i den nigerianske hovudstaden Abuja i kveld.
Over 200 jenter bortførte
Den islamistiske terrororganisasjonen Boko Haram held over 200 skulejenter fanga. I ein video lagt ut på Internett sist måndag tilbaud leiaren Abubakar Shekaui
i byte med fengsla medlemer av Boko Haram.Innanriksminister Abba Moro avviste straks dette forslaget, men seinare har det kome signal om at nigerianske styresmakter var
med Boko Haram der «alle spørsmål ville kome på bordet.Mark Simmond sa på pressekonferansen i kveld at Goodluck Jonathan er interessert i å kome i ein dialog med den valdelege islamistgruppa.
VIDEO: Boko Haram viste fram dei bortførte jentene.
– Vil ha dialog
– Goodluck Jonathan gjorde det klart at han er interessert i ein dialog med Boko Haram for å finne ein struktur og ein arkitektur for få ein slutt på konflikten og årsaka til konflikten i det nordlege Nigeria, sa Simmond blant anna.
Det var 14. april i år at over er 200 i hovudsak kristne jenter vart bortførte frå skulen dei gjekk på i det nordlege Nigeria. Boko Haram, som betyr «vestleg utdanning er synd», er sterk motstandar av at jenter skal gå på skule. Dei har gjort det klart at alle skulejenter er legitime mål for organisasjonen.
Det har kome ulike meldingar om kva som har skjedd med jentene, blant anna gjekk det rykte om at dei var tekne til eit naboland. Seinare har Abubakar Shekau i videoopptak først sagt at fleire av jentene alt var bortgifta, og at jentene var til sals for ekteskap.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Konvertert til islam
I den siste videoen gruppa har lagt ut er jentene filma medan dei ber, og det blir opplyst at jentene har konvertert til islam. Det var i denne videoen Shekau tilbaud å setje jentene fri i byte med fengsla medlemer av gruppa.
Bortføringa av jentene har vekt sterke reaksjonar over heile verda, og både USA og Storbritannia har tilbode å hjelpe til med å prøve å lokalisere jentene. Det har vore demonstrasjonar til støtte for dei bortførte jentene i fleire land,