Det var Franrikes president Jaques Chirac som opplyste dette, etter samtalar med sin russiske kollega Vladimir Putin i kveld. I fråsegna heiter det at dei tre landa meiner at inspeksjonane må halde fram, og at alle krefter må setjast inn på å avvæpne Irak utan å gå til krig.
Vladimir Putin (t.v.) og Jaques Chirac går imot bruk av militær makt mot Irak. (Foto: Sergej Karpuhin)
Siste utveg
Det heiter også at krig må vere siste utveg, og det framleis rom til å manøvrere i etter FN-resolsusjon 1441.
Den felles fråsegna gjer det også klart at diskusjonane med USA i tida framover må skje i ei fredeleg atmosfære som avspeglar det gode forholdet dei tre landa har til landet.
Jaques Chirac sa etter møtet med Putin at det ikkje finnest klare bevis på at Irak har ulovlege våpen. - Resolusjon 1441 opnar ikkje for å bruke makt mot Irak, heller ikkje for å sende FN-soldatar til landet, sa ha.
Avsanning
Tidlegare i dag vekte det stor oppsikt at den tyske regjeringa gjekk ut og avsanna ei melding frå vekemagasinet Der Spiegel, til vanleg rekna som svært truverdig, om at Tyskland og Frankrike hadde ein felles plan for avvæpning av Irak utan å gå til krig.
Ifølgje Der Spiegel hadde dei to landa vorte samde om at talet på FN-inspektørar i Irak skulle aukast, og at det skulle sendast soldatar under FN-flagg som skulle sikre at inspektørane fekk gjere arbeidet sitt uhindra.