- Det viktigaste for USA og Storbritannia no er å fortelje oss kvar anlegga er, der dei er overtydde om at Irak lagrar masseøydeleggingsvåpen, sa Hans Blix i eit intervju med BBC radio i dag.
Hans Blix vil at USA og Storbritannia gir etterretnings-opplysningar til FN. (Reuters-foto)
Blix sa at han hadde fått svært lite informasjon om desse anlegga frå USA og Storbritannia. - Vi har fått informasjon om kva dei meiner Irak har av slike våpen, men ingen indikasjonar om kvar dei lagrar våpna, sa Blix mellom anna.
Blix meiner det er viktig å få denne informasjonen no, fordi samarbeidet mellom FN-inspektørane og Irak for tida er godt.
- USA og Storbritannia har sine metodar for å få ut slike opplysningar. Dei har satellittar, dei kan avlytte telefonsamtalar, dei har spionar. Dei har mange kjelder som FN-inspektørane ikkje har, sa Blix i intervjuet.
Blix la likevel til at om Irak hadde samarbeidd med FN-inspektørane fullt ut, så ville det ikkje vere naudsynt med slike etterretningsrapportar.
Sjefen for våpeninspektørane opplyste at han har teke opp dette spørsmålet med både Washington og London, og at han har håp om at dei vil hjelpe til med fleire opplysningar om Irak sine våpenprogram.
Ei gruppe inspektørar vitja i dag igjen ruinane av den irakiske atomreaktoren al-Tuwaitha søraust for Bagdad. Dette er sjette gongen inspektørane er innom dette anlegget etter at dei tok oppatt inspeksjonane 27.november.