Hopp til innhold

Vil ha eit meir aggressivt FN i krigsfelten

NEW YORK (NRK): USA vil at FN-soldatar skal kunne angripe og ikkje berre ha observatørroller. Statsminister Erna Solberg er positiv til det kontroversielle forslaget, men meiner det ikkje kan gjelde for alle oppdrag.

United Nations Peacekeeping in Peril

FN-soldatar frå Bangladesh er komne til den vesle byen Ansongo i Aust-Mali der FN har oppretta operasjonen Minusma. Denne operasjonen har etter kvart blitt den FN-operasjonen kor flest FN-tilsette er drepne, om ein tek høgde for operasjonens varigheit. No vil USA gjere det mogleg for FN å bli meir aggressive ute i felt.

Foto: Marco Dormino / Ap

Rundt 50 land er invitert til eit toppmøte i New York som er sett i stand av USA, og som vert leia av president Barack Obama.

Vil ramme islamske grupperingar

På møtet kjem USA til å søke støtte til sitt kontroversielle forslag om å gjere FNs operasjonar meir aggressive, og dermed opne for at FN-soldatar kan gå til angrep ved behov, og ikkje berre drive passivt fredstryggjande arbeid, skriv den britiske avisa The Guardian.

USA har tidlegare teke initiativ til å opprette ein regional hurtigreagerande tropp i Afrika, som kan respondere raskt på framveksande konfliktar. At dei no føreslår meir aggressive FN-operasjonar vert sett på som ei fortsetjing av dette initiativet.

MIDEAST-CRISIS/SYRIA-UN Power addresses a resolution during a meeting at U.N. headquarters in New York

USAs FN-ambassadør, Samantha Power, spurte nyleg europeiske land om å bidra meir i FN-operasjonar.

Foto: LUCAS JACKSON / Reuters

Tradisjonelt har FNs blå hjelmar spelt ei nøytral, fredstryggjande rolle i ulike konfliktar rundt om i verda.

Eit unntak er ein FN-brigade som i 2013 hjelpte det kongolesiske militæret med å slå tilbake opprørsgrupper i det austlege Kongo. Mange meiner denne brigaden bidrog positivt, og det har bidratt til meir liv i diskusjonen om dei blå hjelmane bør utøve ein meir aggressiv rolle.

The Guardian skriv at USA ønskjer særskild å ramme islamske grupperingar i Afrika ved å opne for meir militær maktbruk.

Solberg positiv

Erna Solberg foran FN-bygningen i New York

Statsminister Erna Solberg støttar USAs forslag dersom det blir vurdert for kvart enkelt FN-oppdrag.

Foto: Tove Bjørgås, NRK

Statsminister Erna Solberg seier til NRK at ho er positiv til USA sitt forslag, men at det ikkje kan gjelde for alle FN sine fredsoperasjonar.

Vi kan ikkje seie at dette skal gjelde generelt, men FN-styrker må kunne få mandat til å gripe inn i nokre operasjonar. Vi hugsar Srebrenica. I slike situasjonar kan det ikkje berre vere slik at FN skal stå å sjå på, seier Solberg.

Noreg deltar på konferansen her i FN-hovudstaden i dag, og Solberg lover meir pengar til FNs militære operasjonar.

– FN har bedt oss forlenge oppdraget til eit transportfly vi har sendt til Mali, og dette seier vi ja til. I 2017 vil det vere mogeleg at vi også kan sende ingeniør og politikapasitet i Mali, seier statsministeren.

Nei frå India

Men USA møter motstand, særskild frå ein av dei største bidragsytarane til FNs fredsoperasjonar, India.

– Soldatane i dei blå hjelmane er upartiske. Det er ikkje meininga at dei skal vere geriljasoldatar. Om nokon ønskjer soldatar til å gå inn og krige, så må dei få tak i leigesoldatar, og ikkje bruke FN-soldatar, seier Indias FN-ambassadør, Asoke Kumar Mukerji, til Guardian.

USA har også jobba hardt for å få fleire vestlege land til å bidra inn i FN-operasjonar for å heve nivået på både utstyr og personell.

FNs fredsstyrke i Peril i Mali - Minusma

Ei gravferd for FN-soldatar frå Burkina Faso, som vart drepne i eit angrep i Mali. Dei aller fleste FN-soldatar kjem i dag frå utviklingsland i Asia eller Afrika.

Foto: Marco Dormino / Ap

– USA håper at når meir avansert militære deltek i FN-operasjonar, så vil dette føre til at dei noverande bidragsytarane aukar sine bidrag, seier forskingsdirektør ved Centre of International Cooperation, Richard Gowan til Guardian.

Berre 28 amerikanske FN-soldatar

Ironisk nok, så er det ikkje noko tema for USA å bidra med fleire soldatar sjølve. Etter at 43 amerikanske soldatar vart drepne under eit særs mislukka fredsoppdrag i Somalia i 1993, så har USA knapt bidratt med FN-soldatar.

I dag har stormakta berre 28 FN-soldatar som er iført blå hjelmar, i tillegg til 78 personar som jobbar med anna arbeid. Til gjengjeld tek dei stort ansvar for å få budsjetta til FN-operasjonane i hamn.

Kjelder hos dei amerikanske styresmaktene seier at det ikkje vil vere støtte i verken Kongressen eller hos det amerikanske folk til å la amerikanske styrker vere under utanlandsk kommando.

Ifølgje Gowen skal fleire europeiske embetsmenn vere usikre på om dei bør bidra, sjølv om dei likar initiativet, då dei er usikre på kva som vil skjer etter at Barack Obamas presidentperiode er over.

SISTE NYTT

Siste nytt