Hopp til innhold

Iransk presidentkandidat vil ha diplomatisk løysing på atomstriden

Ein av favorittane til vinne det iranske presidentvalet seier han vil løyse striden med vestlege land om landet sitt atomprogram med diplomati.

Presidentkandidat i Iran, Ali Akbar Velayati.

Presidentkandidat Ali Akbar Velayati seier han vil arbeide for ei diplomatisk løysing på striden om det iranske atomprogrammet.

Foto: ATTA KENARE / Afp

Den konservative kandidaten Ali Akbar Velayati sa på ein pressekonferanse i Teheran i dag at det er fullt mogleg å kome ut av striden med dei vestlege landa på ein fredeleg måte.

– Vi har ein legitim rett til eit fredeleg atomprogram, men vi kan likevel unngå konflikt med Vesten, sa han blant anna. Han retta fleire gonger sterk kritikk mot noverande president Mahmoud Ahmadinejads kompromisslause atompolitikk, melder det tyske nyheitsbyrået DPA.

Sanksjonar og økonomisk krise

Irans øverste leder ayatolla Ali Khamenei

Ayatolla Ali Khamenei er den øvste religiøse leiaren i Iran og har langt meir politisk makt enn presidenten.

Foto: Scanpix/AFP

– Atompolitikken kunne ha vore ført med langt lågare kostnader, sa Velayati, og viste til den økonomiske krisa i Iran, som har vorte verre av dei internasjonale sanksjonane mot landet.

Ali Akbar Velayati var likevel svært lite konkret om kva han eigentleg står for i striden om det iranske atomprogrammet.

– Vi treng eit godt fundert diplomati i atomstriden, men det er ikkje naudsynt å gjere greie for dette for open mikrofon, sa han blant anna på pressekonferansen.

Ali Akbar Velayati er 67 år gammal og blir rekna for å vere ein konservativ kandidat. Han er tidlegare utanriksminister i Iran.

Det religiøse vaktarrådet, med den øvste leiaren i Iran, storayatolla Ali Khamenei i spissen, har godt kjent Velayati som kandidat saman med sju andre.

Velayati arbeider i dag i rådgjevarapparatet til Khamenei.

Avviste fleire kandidatar

Tidlegare president i Iran, Akbar Hashemi Rafsanjani.

Det religiøse vaktarrådet nekta tidlegare president Akbar Hashemi Rafsanjani å stille i presidentvalet.

Foto: BEHROUZ MEHRI / Afp

Fleire kandidatar har blitt nekta å stille i valet 14. juni, blant andre tidlegare president Akba Hashemi Rafsanjani . Også ei kvinne prøvde å bli kandidat, men vaktarrådet gav eit klart nei til den 46 år gamle husmora Razieh Omidvar. Den iranske grunnlova blir tolka slik at berre menn kan stille som presidentkandidat.

Også mannen som blir rekna som kandidaten til noverande president Ahmadinejad har blitt nekta å stille. Forholdet mellom storayatolla Khamenei og Ahmadinejad har vorte stadig dårlegare dei siste åra.

Politiske observatørar er usamde om presidentvalet vil få avgjerande innverknad på forhandlingane om det iranske atomprogrammet. Reint formelt har ikkje presidenten makt til å gjennomføre endringar i atomprogrammet, men her kjem forholdet mellom presidenten og storayatollaen til å spele ei stor rolle.

– Mogleg kompromiss

Reaktoren i atomkraftverket i Bushehr, Iran

Striden om det iranske atomprogrammet kan bli ei viktig sak i valkampen før det iranske presidentvalet.

Foto: BEHROUZ MEHRI / AFP

Ein teori er at ein president som er mindre ytterleggåande enn Ahmadinejad i spørsmålet om atomprogrammet, kan vere det dei religiøse leiarane treng for å kunne kome fram til eit kompromiss med FN og Vesten, heiter det i ein analyse gjort av det amerikanske nyheitsbyrået AP.

Andre meiner at utfallet like gjerne kan bli at presidentvalet vil styrkje kreftene til dei som ikkje ynskjer eit kompromiss om det iranske atomprogrammet, og at det i staden kan føre til ei endå mindre kompromissvillig line i dette spørsmålet, heiter det vidare i analysen.

Over 50 millionar menneske har røysterett ved presidentvalet i Iran 14. juni. Om lag ein tredel av veljarane er fødde etter den islamske revolusjonen i landet i 1979. Det er 76 millionar innbyggjarar i Iran.

Står nær Khamenei

Saeed Jalili er én av kandidatene som får stille i presidentvalget i Iran i juni

Saeed Jalili er ein av kandidatane som kom gjennom nålauget til det iranske vaktarrådet.

Foto: OSMAN ORSAL / Reuters

Av dei åtte kandidatane som er godkjende av vaktarrådet er seks av dei rekna som nære allierte av det styrande rådet av muslimske skriftlærde, som har den reelle makta i landet. Tidlegare utanriksminister Ali Akbar Velayati er ein av desse.

Andre kandidatar som står regimet nær er: Borgarmeister i Teheran, Mohammad Bagher Qalibaf, og sjefforhandlar om atomprogrammet, Saeed Jalili. Også Hassan Rouhani og Mohammad Gharzi står nær dei noverande leiarane.

Dei to som blir rekna som dei mest moderate kandidatane er tidlegare visepresident under Mohammad Khatami, Mohammad Reza Aref, og tidlegare atomforhandlar Hasan Rowhani.

Rowhani har brukt mykje tid på å avvise skuldingar om at han var altfor kompromissvillig då han var leiar for den iranske delegasjonen under atomforhandlingane med FN og vestlege land.

SISTE NYTT

Siste nytt