Hopp til innhold

Vil gjere hundretusenvis av innbyggarane statslause

Myndigheitene i Den dominikanske republikk trugar med å utvise hundretusenvis av menneske, sjølv om mange av dei har budd i landet heile sitt liv. Dei fleste er haitiar.

Haitiske migrantar i kø for registrering

VIL REGISTRERE SEG: Haitiarar køar opp i den dominikanske hovudstaden for å registrere seg.

Foto: ERIKA SANTELICES / Afp

Mange har aldri sett sine bein på den haitiske sida av øya Hispaniola som dei deler med sine dominikanske naboar, og snakkar heller ikkje språket.

– Det er mykje uvisse og uro, seier Joseph Cherubin til nyhendebyrået Ap. Han leiar organisasjonen den sosiokulturelle rørsla for haitiske arbeidarar, ein av mange organisasjonar som reagerer sterkt på ei ny lov som no trer i kraft.

Registrering eller utvising

I september 2013 kom domstolen med eit vedtak om å ta bort statsborgarskapet frå alle som ikkje kan dokumentere «regelmessig opphald», med tilbakevisande verknad til 1929.

Dei som ikkje kunne vise til dokumentasjon har hatt ein sjanse til å registrere seg, men dette er ikkje ein enkel operasjon i eit land der mange er i uformelle arbeidsforhold og byråkratiet er stort. Så langt skal 240.000 av 524.000 utanlandsfødde starta registreringa, men berre rundt 10.000 ha fått godkjent denne.

Haitiarar i kø for å registrere seg

I KØ: Titusenvis av menneske risikerer utvising idet fristen går ut 17. juni 2015.

Foto: ERIKA SANTELICES / Afp

Og i går gjekk fristen ut. Regjeringa har førebudd ein storstilt aksjon frå i dag, og har gjort klar køyretøy og senter dei kan opphalde seg i mellombels med tanke på vidare uttransportering. Ettersom mange heller ikkje har haitisk statsborgarskap risikerer dei å verte statslause, og med det kan nye tal leggast til i flyktningrekneskapen som Flyktninghjelpen legg fram i dag.

Meiner lova siktar mot dei frå Haiti

Sjølv om regjeringa seier at det er eit tiltak for å få bukt med illegal innvandring, er mange er uroa over at dette vedtaket spesielt tek sikte på haitiar, som utgjer heile 90 prosent av innvandrarane. Dei to nabofolka har ei turbulent historie.

Haitiar har i generasjonar kryssa grensa for å arbeide i sukkerindustrien og mange arbeider som hushaldersker hos sine meir velståande naboar. Innvandringa har vore endå større etter jordskjelvet i 2010 som gjekk hardt utover Haiti, eit av verdas fattigaste land ifølge FN.

Kritiserer det internasjonale samfunn for å vere passive

No kritiserer menneskerettsorganisasjonar det internasjonale samfunn for mangelen på merksemd og innblanding i det som er i ferd med å skje. Nokre meiner at land som USA held seg unna fordi arbeidsinnvandrarar også her er eit kontroversielt tema. 606.000 haitianar bur i USA.

– Utvising av innvandrarar er noko statar ikkje vil blande seg inn i fordi dei sjølve vil kunne halde fram med slike utvisingar, seier Liliana Gamboa som koordinerer eit antidiskrimineringsprosjekt for Open Society Foundations i Den dominikanske republikk til New York Times.