Hopp til innhold

Vil gi Pfizer-vaksine til barn i USA

Ein ekspertkomite i det amerikanske legemiddelverket har godkjend at Pfizer-vaksinen kan setjast på millionar av fem- til elleveåringar i USA.

BioNTech-Pfizer vaksine

OPNAR OPP: Amerikanske styresmakter tilrår no å gi Pfizer-vaksine til born mellom fem og elleve.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Eit panel av medisinske rådgjevarar røysta tysdag for å tilrå godkjenning av Pfizer si covid-19-vaksine til yngre barn. Det melder nyheitsbyrået AFP.

Panelet er sett saman av ekspertar i FDA (Food and Drug Administration).

Ei studie som nyleg er gjort offentleg, syner at vaksinen er 90,7 prosent effektiv mot koronavirus i denne aldersgruppa, skriv NTB.

Det opnar for at 28 millionar amerikanske barn kan få den første Pfizer-dosen i løpet av kort tid, truleg alt frå første veka i november.

Har starta vurdering

– Det er ganske klart for meg at fordelane veg opp for risikoen når eg høyrer om barn som blir lagt inn på intensivavdelinga, som har langvarige plager etter Covid og barn som dør.

Det seier Amanda Cohn frå Center for Disease Control and Prevention (CDC).

Ho er CDC sin representant i denne ekspertgruppa, og det er CDC som til slutt godkjenner dette.

17 i panelet røysta for å godkjenne Pfizer til born, ein avstod frå å røyste.

Det europeiske legemiddelverket (EMA) har også starta si vurdering av søknaden frå BioNTech/Pfizer si vaksine til barn i alderen 5 til 11 år.

Det melde dei sjølv på heimesidene sine 18. oktober.

– Vi reknar med å ha klar ein konklusjon på dette i løpet av eit par månader, skriv EMA.

Vil ikkje godkjenne før EU

Det er EU-kommisjonen som til slutt bestemmer om denne aldersgruppa kan få denne vaksinen.

Camilla Stoltenberg er direktør i Folkehelseinstituttet (FHI). Til NRK seier ho tysdag kveld at dei følgjer nøye på det som no skjer i USA og EU.

– Noreg vil ikkje godkjenne og heller ikkje tilrå vaksinar til barn før det europeiske legemiddelverket har sett på dette og eventuelt gitt ein anbefalning, seier Stoltenberg.

SISTE NYTT

Siste nytt