Hopp til innhold

Den britiske regjeringa vil forby streikar som lammar samfunnet

Den britiske regjeringa foreslår å la arbeidsgivarar seie opp streikande arbeidarar og saksøkje fagforeiningane.

Streikende ambulansearbeidere i London 21. desember

Ambulansearbeidarar streika i London rett før jul. No kan slike streikar bli sjeldnare.

Foto: HENRY NICHOLLS / Reuters

Den britiske regjeringa skal torsdag leggje fram eit forslag som vil forby streikar som lammar viktige samfunnsfunksjonar, skriv avisa The Times.

Endringane skal mellom anna tillate at streikande arbeidarar kan seiast opp, og at arbeidsgivarar kan saksøkje fagforeiningane for kostnader knytt til streikar.

Storbritannia er for tida ramma av ei rekkje streikar i transportsektoren og helsevesenet.

I desember vart militært personell sett inn for å sikre drift av ambulansetenesta då fagforeiningane der planla streik. Akkurat den streiken vart seinare avlyst.

Krav til minimumsnivå

Statsminister Rishi Sunak vil sikre at streikar ikkje lenger skal kunne lamme sentrale og livsviktige deler av samfunnet.

Lovendringa han foreslår skal påleggje seks samfunnssektorar å sørgje for at det alltid er eit minimumsnivå på tenestene, melder Reuters. Det gjeld mellom anna helsevesenet, jernbane, undervisning, brannvesenet og grensekontroll.

Med den nye lovendringa vil streikar som lammar viktige samfunnsfunksjonar kunne bli dømde som ulovlege.

Sykepleiere i streik i London

Før jul streika mellom andre sjukepleiarar for høgare løn.

Foto: MAJA SMIEJKOWSKA / Reuters

Fagforeiningar meiner eit forbod vil stri mot lova

Fagforeiningane har allereie varsla at dei vil ta eit slikt streikeforbod til retten.

Dei meiner det kan vere i strid med menneskerettane.

Tim Sharp i Trade Union Congress som representerer 48 britiske fagforeiningar, seier til The Guardian at planane til regjeringa vil vere ei stor hindring for den grunnleggjande retten til å streike.

– Tiltaka er ikkje gjennomførbare, dei vil få motsett effekt og dei er nesten heilt sikkert i strid med menneskerettslova frå 1998, seier han.

Sharp seier dei til kjempe mot lova både i parlamentet og i rettssystemet.

Vil endre landet

I ein tale onsdag la Sunak fram planane til regjeringa for det nye året. Han sa at han ville gje landet trua på at ting kan bli gjorde betre og annleis.

– Vi må endre måten dette landet verkar på. Vi må ha fantasi og tiltru til at vi kan gjere ting betre og på nye måtar i framtida, sa han, ifølgje Reuters.

Grensevakt i Storbritannia streiker

Grensevaktar streika for høgare løn vesle julaftan utanfor Heathrow flyplass i London.

Foto: PETER NICHOLLS / Reuters

Nye streikar

Tysdag gjekk britiske jernbanearbeidarar ut i årets første streik. 100 tilsette i Vegvesenet starta på ein todagars streik.

Dei jernbanetilsette streika fleire gongar på tampen av fjoråret. Fagforeininga RMT har varsla to streikar denne veka. I tillegg tar lokomotivførarane sin fagforeining Aslef ut fleire av sine medlem ut i streik torsdag.

Regjeringa har bede fagforeiningane om å avstå frå å streike og heller komme til forhandlingsbordet. Samtidig gjentar dei at det ikkje er aktuelt å auke lønene like mykje som prisane har stige. Det vil «forverre gjelda og vere inflasjonsdrivande», noko som vil ramme alle husstandar i landet, heiter det frå regjeringa.

Tysdag gjekk likeins 100 tilsette i Vegvesenet National Highways ut i ein 48 timar lang streik. Dei streikande jobbar med vegtryggleik.

SISTE NYTT

Siste nytt