Hopp til innhold

Vil fjerne teltleir i Paris

Medan EU diskuterer fordeling av flyktningar, har hundrevis av migrantar, dei fleste frå Aust-Afrika, søkt ly i ein stor teltleir ved togstasjonen Gare du Nord i Paris.

Flyktningleir ved Gare du Nord i Paris
Foto: Remy de la Mauviniere / Ap

I den tett folka byen er det få stader som kan romme migrantane. Difor har dette området på størrelse med ei fotballbane vore ein ynda tilhaldsstad for migrantar dei siste åra. Dei vert verande alt frå nokre dagar, til månader.

Lokalt politi vil ha leiren fjerna, og ber migrantane flytte så snart råd er. Men dei har ikkje nokon anna stad å dra. Myndigheitene antar at mange kjem sørfrå, medan andre returnerer frå Calais nord i Frankrike etter mislukka forsøk på å ta seg over kanalen til Storbritannia.

Flyktningar bur i teltleir i Paris

VENTAR PÅ SVAR: Almaz Tekeste frå Eritrea ventar på svar på søknaden om asyl.

Foto: Remy de la Mauviniere / Ap

– Verre enn Italia

Dette var ikkje det Europa dei hadde venta seg, fortel ein av migrantane dei til nyheitsbyrået AFP, og fortel at dei til og med vart betre tekne av i Italia, som elles har ei større utfordring når det kjem til talet på menneske som kjem enn Frankrike.

Flyktningteltleir i Paris

SØV UNDER SKINNA: Telta er sett opp under metroskinnene like ved Gare du Nord i Paris.

Foto: Remy de la Mauviniere / Ap

Borgarmeisteren for 10. arrondissement, Remi Feraud, seier at dei i fleire månader har prøvd å finne ein betre stad for migrantane. Han oppfordrar president François Hollande til å finne ei løysing.

– Å evakuere dei utan å gi dei ein stad å bu er ein katt- og musleik, seier Feraud til AFP.

France Terre d'Asile, ein organisasjon for asylsøkarar, anslår at det er rundt 340 migrantar i leiren, dei fleste frå Eritrea, Etiopia, Sudan og Somalia, og at om lag ein tredel av desse har rett til asyl. Trass i nokre toalett utplassert er dei hygieniske forholda elendige.

EU vil styre fordelinga av flyktningane

I går presenterte Europakommisjonen sin plan for fordeling av flyktningar frå Italia og Hellas til andre land i Europa. For å lokke skeptiske medlemsland til å ta imot sin del av dei totalt 40.000 flyktningane, foreslår dei at det følger 6000 euro for kvar asylsøkar landa tek imot.

Desse 40.000 utgjer berre 40 prosent av alle som kom til Hellas og Italia i fjor, og er stort sett menneske som har gode sjansar for å få innvilga asyl. Dette er det opp til det endelege mottakslandet å bestemme.

Fordelinga er basert på folketal, økonomi, arbeidsløyse og tidlegare erfaring med å ta imot asylsøkarar i dei aktuelle landa. I tillegg vil EU fordele 20.000 kvoteflyktningar frå FN.