Tayyip Erdogan vart møtt av demonstrerande eksil-tyrkarar då han kom til Brussel i dag. (Foto: AFP/Scanpix)
Tyrkias statsminister Tayyip Erdogan måtte i dag svare på kritiske spørsmål frå EU-kommisjonen, og her gjorde han det klart at landet ikkje vil gjere utruskap til ei sak for politi og rettsvesen.
Ingen hindringar
Etter møtet i Brussel i dag sa EUs utvidingskommissær Günter Verheugen at det ikkje er fleire hindringar i vegen for å starte forhandlingar med Tyrkia om medlemskap i unionen.
Førstkomande søndag skal den tyrkiske nasjonalforsamlinga i ein ekstraordinær sesjon diskutere forslaget om endring av den tyrkiske straffelova. Her var det opprinneleg eit forslag om at utruskap skulle bli forbode ved lov. I dag skal Erdogan ha lovd at dette vil bli teke ut av lovforslaget.
EU har tidlegare gjort det klart at unionen ikkje på nokon måten vil akseptere eit tyrkisk forbod mot utruskap, og at dette ville stegngje for landet sine sjansar til å bli medlem av Den europeiske unionen.
Skepsis
Det er til slutt regjeringane i EU-landa som avgjer om Tyrkia eventuelt får bli medlem i EU. Det er sterk skepsis mot tyrkisk EU-medlemskap i mange medlemsland, og mange meiner at Tyrkia, eit muslimsk land i utkanten av Europa, ikkje bør få bli med i EU.
Den franske statsministeren Jean-Perre Raffaring til avisa Wall Streeet Journal at han er skeptisk til om det tyrkiske folk deler det europeiske synet på menneskerettar.
- Vi tvilar ikkje på hr. Erdogan sin gode vilje, men i kva grad kan noverande og framtidige regjeringar få det tyrkiske samfunnet til å omfamne europeiske menneskerettsverdiar, seier han til avisa.
AKP
Det er sterke muslimske krefter i Erdogans AKP-parti som vil innføre eit lovforbod mot utruskap. Fleire tyrkiske aviser skriv at Erdogan personleg skal ha støtta eit slikt forbod.
Då EU-kommisjonen først bad om ei forklaring på lovforslaget, svarte ein irritert Erdogan at EU ikkje hadde noko med å blande seg opp i tyrkisk innanrikspolitikk.