Kofi Annan si avgjerd skapte kaos i Tryggingsrådet, men fleire medlemsland seier at arbeidet for å finne ei løysing vil halde fram.
USA seier seg lei for samanbrotet i forsøket på å sende ein FN-delegasjon til Jenin, men ein talsmann for Det kvite hus seier at USA førebels ikkje har noko alternativt forslag å leggje fram.
Annan har bede Tryggingsrådet støtte avgjerda om ikkje å sende ein kommisjon til Jenin, men det skal framleis vere interesse i rådet for å utsetje den endelege avgjerda i 24 timar, for å gi Israel ein aller siste sjanse.
Det synest no å gå føre seg ei knallhard tautrekking i kulissane i FN-hovudkvarteret i New York. Det er venta at arbeidet med å finne ei løysing vil vare i endå nokre timar.