Hopp til innhold

Vil bygge bru over Raudehavet

Kong Salman av Saudi-Arabia annonserte planane på eit sjeldant besøk i Kairo fredag.

EGYPT-SAUDI-DIPLOMACY

Egypts president Abdel Fattah al-Sisi tildelte kong Salman Nilen-halsbandet fredag, den høgaste ordenen ein kan få i Egypt.

Foto: STRINGER / Afp

– Dette historiske steget for å knyte saman dei to kontinenta er ei endring som vil bety mykje, og som vil auke handelen mellom dei to kontinenta til nivå ein ikkje har sett tidlegare, sa den 80 år gamle monarken, og la til at dette er ei avgjersle han tek i lag med Egypts president Abdel Fattah al-Sisi.

Al-Sisi sjølv foreslo at brua skal få namnet «Kong Salman bin Andel Aziz-brua».

Har vore foreslått før

Ideen har vore lufta før, mellom anna av Egypt sin tidlegare president Hosni Mubarak, men dette kom seg aldri forbi planleggingsstadiet.

Ifølge AFP signerte representantar for dei to landa 17 ulike avtalar under møtet, til ein verdi av rundt 14 milliardar norske kroner. Dei inngjekk mellom anna ein avtale om å bygge eit universitet og fleire bustader i det sørlege Sinai, og eit kraftverk.

Mideast Egypt Tourism Russia

På det tettaste er det berre 16 km mellom dei to landa, frå Nabq rett nord for badebyen Sharm el-Sheik til Ras Alsheikh Hamid i Saudi-Arabia.

Foto: Thomas Hartwell / Ap

Tusenvis at saudiarabiske turistar besøker Egypt årleg, og tusenvis av egyptarar besøker Saudi-Arabia kvart år for den heilage pilegrimsreisa til Mekka. I tillegg arbeider hundretusenar av egyptarar i det oljerike landet på den arabiske halvøy, og sender sårt trengde pengar tilbake til heimlandet.

Den saudiarabiske ambassadøren til Egypt har også annonsert at det vil kome fleire store og overraskande investeringsavtalar.

Allierte i regionen

Kongen er på ein fem dagars tur til Egypt, eit land Saudi-Arabia ser som ei viktig brikke i sine ambisjonar om å endre regionen. Egypt er ein viktig sunnimuslimsk alliansepartnar for Saudi-Arabia, mot deira erkefiende i regionen, sjia-leidde Iran.

Saudi-Arabia har til gjengjeld vore den viktigaste støttespelaren til regimet til president Abdel Fattah al-Sisi sidan han kom til makta i 2013, og fredag understreka dei to leiarane sitt gode forhold, stikk i strid med rapportar om eit kjøligare forhold dei siste månadene.

Saudi-Arabia skal ikkje vere nøgd med Egypt sin manglande vilje til å støtte dei i luftkrigen mot Houthi-opprørarane i Jemen, og Sisi sitt nære forhold med Vladimir Putin er heller ikkje populært i Ryiadh, med russarane som støttespelarar for Assad-regimet i Syria.

Egypt og Saudi-Arabia

SISTE NYTT

Siste nytt