Statsminister Anders Fogh Rasmussen.
- I første omgang er det snakk om ein amerikansk førespurnad, som vi nøye vil vurdere saman med grønlandske politikarar, sa Fogh Rasmussen på eit møte i utanrikskomiteen i det danske Folketinget i dag.
Oppgradering
Statsministeren opplyser at USA i første omgang har lagt opp til ei teknisk oppgradering av Thule-radaren, slik at radaren kan nyttast som del av eit rakettforsvar ein gong i framtida.
Fogh Rasmussen seier at det er hans klare inntrykk at det i første omgang ikkje er snakk om store fysiske endringar ved radaren i Thule, men at styresmaktene no vil granske nærare kva den oppgraderinga USA ynskjer eigentleg får ut på. Han vil ikkje seie noko om når Danmark kan gi USA eit svar.
George Bush vil har rakettskjold-hjelp fra Danmark. (EBU-foto)
Han understrekar også at den danske regjeringa vil samarbeide tett med politikarane på Grønland. - Vi har signalisert at det er den nye regjeringa sin politikk at Grønland og Færøyane skal dragast sterkare inn i utanriks- og tryggingspolitiske spørsmål som får konsekvensar for dei. Vi legg stor vekt på at vi skal vere samde med grønledarane før det blir teke ei avgjer i denne saka, seier statsminister Anders Fogh Rasmussen.
Konkret plan
USA har også bede Storbritannia om å få nytte Fylingdales-basen i drifta av rakettskjoldet.
Den amerikanske regjeringa i dag kjem til å offentleggjere ein konkret plan for bygging av rakettskjold. Ti såkalla avskjæringsrakettar skal utplasserast i Alaska i løpet av neste år, opplyser kjelder i Forsvarsdepartementet til nyheitsbyrået Reuters. Meininga er at dei skal kunne skyte ned eventuelle atomrakettar som blir skotne mot USA.
USAs president George Bush har særleg nemnt land som Irak, Iran og Nord-Korea som bandittstatar som kan kome til å prøve å angripe USA med atomvåpen eing gong i framtida. Mykje av teknologien som kan nyttast i rakettforsvaret er framleis under utviklilng, og dei første testane har gitt blanda resultat.
Dei amerikanske rakettskjoldplanane har fått namnet Star Wars Junior på folkemunne. (Foto frå Stars Wars-filmen)
USA trekte seg tidlegare i år frå ABM-avtalen, som under den kalde krigen var ein av berebjelkane i å oppretthalde terrorbalansen mellom USA og Sovjetunionen. Avtalen sette grenser for kva type rakettforsvar supermaktene kunne ha.
Star Wars
Det amerikanske rakettforsvarsprosjektet får under tilnamnet Star Wars junior. Dette viser til den opprinnelege utgåva av prosjektet, som dåverande president Ronald Reagan lanserte i 1993 under namnet "Strategisk Forsvarsinitiativ (SDI). På folkemunne fekk prosjektet raskt namnet Star Wars, stjernekrig.
Mange land har protestert sterkt mot dei amerikanske planane. Særleg har Russland og Kina gitt uttrykk for moptstand mot USA sine planar om å bygge eit nasjonalt rakettforsvar.