Hopp til innhold

Ser på Noreg gjennom rosa briller

Her høyrer 100 menneske nøye etter, for å lære om korleis det er å flytte livet sitt, og familien sin til Noreg. For godt.

Video Vil fra Nederland til Norge

Mange fra Nederland, Belgia og Tysklanf vil bort fra EU for å komme til Norge.

Både einslege og femborns-familiar frå Nederland, Belgia og Tyskland vil bort frå EU for å få ei meir føreseieleg framtid, og lar seg ikkje skremme av korkje norsk skattenivå eller byråkrati. Dei vil rett og slett bort frå EU.

– Mor mi seier Nederland kjem til å likne eit land i den tredje verda i framtida.

Julie Erenst studerer for å bli bibliotekar, og har reist til eit hotell utanfor Utrecht for å høyre om landet som ikkje er medlem av EU. Saman med eitt hundre andre menneske frå Vest-Europa, skal ho i dag lære om norsk nabokultur, skattetrykk, nasjonaløkonomi og arbeidsliv.

– Eg har krav på pensjon når eg blir gamal her i Nederland, men eg trur pensjonen min kjem til å bli brukt opp på alle dei som treng trygd og ytingar allereie no.

Artikkelen fortsetter under bildet.

Sabina Vonk, Friso Lustig og dottera Cetinya

Sabina Vonk, Friso Lustig og dottera Cetinya.

Foto: NRK

Trur ikkje på EU si framtid

Mannen i dress, som saman med tre kollegaer gjer seg klar til å halde dagsseminar, dreg ned ei rullegardin med eit vakkert bilete av ein sunnmørsk fjord med ein eldre mann i fjellsko som ser på utsikta.

– Det er svigerfar, ikkje langt frå der vi bur.

Gert Rietmann driv selskapet Placement, som gjer butikk på å rekruttere lettintegrerte vesteuropearar til norske kommunar som manglar folk. No er det lettare enn nokon gong.

– Men vi skal få dei som kjem til å ta av dei rosa brillene, for det er fleire som trur det går an å leve av å drive ein liten campingplass i ei lita bygd. Det skal litt meir til enn det.

Rietmann flytta til Noreg for fjorten år sidan, og lærer bort det han sjølv har lært – om å emigrere til eit anna land. Løna hans er det kommunar og arbeidsgivarar i Noreg som betaler. Sju av ti av dei som innvandra til Noreg i 2011, var statsborgarar av medlemsland i EU.

Artikkelen fortsetter under bildet.

Det er krise i eigedomsmarknaden i Nederland

Det er krise i eigedomsmarknaden i Nederland.

Foto: NRK

Kuttar i budsjetta

Fleire undersøkingar viser at nederlendarane i minkande grad trur på framtida. Nyleg leverte regjeringa oppseiinga si, på grunn av usemje om korleis landet skal kutte 100 milliardar kroner i neste års statsbudsjett.

EU sitt krav om at underskottet ikkje kan vere større enn tre prosent av brutto nasjonalprodukt (BNP), fører no til kutt i helsevesen, kulturbudsjett og mange stønadsordningar.

Og eurokrisa, med land som Hellas og Spania i djupast trøbbel, har skapt offentleg debatt om kostnadene ved å vere medlem i EU.

Gert Rietman

Gert Rietmann driv selskapet Placement

Foto: NRK

Middelklassefamiliar på veg til Noreg

Sabina Vonk er på veg til barnehagen i tettstaden Hoofddorp, ho skal hente den eitt år gamle dottera, Cetinya.

– Vi bruker 15 prosent av nettoinntekta vår på barnehage, og det blir berre dyrare for kvart år. Og så går seksti prosent til å betale på huslånet, helseforsikring og faste utgifter. Då blir det veldig lite att til mat og klede eller anna.

Ho trur at det er mange som får det verre under den offentlege nedskjeringa som er på veg, og er særs bekymra for kva slags liv dottera veks opp til, om nokre år.

Borneskulelæraren møter ektemannen Friso Lustig i døra, han er heime etter ein lang arbeidsdag. Dei har snakka om å flytte for godt til Skandinavia i lang tid.

– Eg var i København i forretningar for nokre år sidan og likte byen særs godt. Så reiste eg og Sabina på ferie til Noreg – og det var som å komme heim!

Det unge middelklasseparet nemner fleire grunnar til at dei ønskjer seg ut av Nederland, og EU.

– Vi bruker mykje av inntekta vår på private helseforsikringar, velferdsstaten er under nedbygging og landet vårt blir liksom stadig tøffare å leve i.

Sabina legg til:

– Og det er aldri stille her.

Nederland har blant dei høgste folketettleikane i verda, og det hører du med eigne øyre. Suset frå motorvegane, lyden frå flytrafikken frå gigantflyplassen Schiphol og den konstante lyden av mange folk, er alltid til stades utanfor det vesle rekkjehuset deira, ein halvtime frå Amsterdam.

Ikkje skremt av norsk skattetrykk

Forelesar Rietmann snakkar til forsamlinga om skilnaden mellom inntektsskatt og næringsskatt i Noreg.

Nederlendarane har rykte på seg for å vere gode kremmarar, så mange ser for seg eit arbeidsliv med eiga bedrift etter flytting til Skandinavia.

Fleire i salen er allereie på veg til Noreg. Dei kjem til seminaret for å ha eit siste møte med Rietman og hans stab, før flyttelasset kjører nordover.

Rolf Roodbol har allereie fått jobb som byggkonsulent i Bjugn kommune.

– Vi reiser i juni-juli. Men det har tatt lang tid, blant anna fordi det var vanskeleg å selje huset.

I Nederland er det for tida nær 200.000 bustader til sals. Eigedomsmarknaden har ikkje stått så stille sidan toppen av den globale finanskrisa i 2008. Nedskjeringane pressar velferdsstaten, og det er forventa framleis nedgang i økonomien ut over året. Mange tør ikkje, eller har ikkje råd til, å kjøpe hus.

– Løyser ikkje ekteskapsproblem

Siste foredrag handlar om farane ved å tru at emigrasjon kan løyse ekteskapsproblem, depresjon eller økonomisk rot.

Friso og Sabina er mest oppglødde.

– Eg hadde høyrt at inntektsskatten og levekostnadene skulle vere så enorme i Noreg. Men etter dei reknestykka vi fekk sjå, er eg på ingen måte skremt.

Og Sabina som ønskjer at dottera skal vekse opp i nord, er klar for å korte ned langtidsplanen.

– Vi skal reise til ulike kommunar, snakke med folk som har emigrert dit og få meir oversikt. Men kanskje bør vi satse på å flytte allereie om eitt eller to år.

Så reiser dei heim til dottera, som er for ung til å skjøne at ho kan ende opp som nordmann i nær framtid.

SISTE NYTT

Siste nytt