NRK Meny
Normal

Viktor Tsjernomyrdin er død

Den tidlegare statsministeren i Russland, Viktor Tsjernomyrdin, er død, 72 år gamal.

Viktor Tsjernomyrdin

Viktor Tsjernomyrdin døydde heime etter lang tids sjukdom.

Foto: POOL / Reuters

Viktor Tsjernomyrdin og Kjell Magne Bondevik

Statsminister Kjell Magne Bondevik møtte Viktor Tsjernomyrdin i 1998.

Foto: STR / AP

Tsjernomyrdin var statsminister under president Boris Jeltsin og fungerte også som president då Jeltsin vart operert for hjarteproblem.

Mellom 2001 og 2009 var han ambassadør i Ukraina, før han vart henta heim til Moskva for å bli rådgjevar for president Dmitrij Medvedev.

Før han vart statsminister var leiar for privatiseringa av Gazprom, som i dag er den største gassprodusenten i verda. Han var også styreformann i den russiske gasskjempen.

Ifølgje familien døydde han natt til onsdag i sin eigen heim etter å ha vore sjuk lenge.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt