Hopp til innhold

Viktig hjelpar for Epstein – Ghislaine Maxwell er søkk vekk

Både politiet og verdspressa jaktar på Ghislaine Maxwell, den britiske sosietetskvinna som blir skulda for å ha vore tilretteleggjar for at Jeffrey Epstein kunne misbruke mindreårige jenter i stor stil.

Frå v. prins Andrew, Ghislaine Maxwell, ukjent kvinne og Jeffrey Epstein.

Frå kvinnedagen på Ascot 22. juni 2000. Frå venstre prins Andrew, Ghislaine Maxwell, ukjend kvinne og Jeffrey Epstein.

Foto: Shutterstock / Shutterstock

Jeffrey Epstein vart funnen død i fengselscella i august i år, etter at han i juli vart sikta for menneskehandel og seksuelt misbruk av mindreårige. Etter alt å dømme tok han livet sitt, sjølv om det er mange som trur at han vart drepen.

Konspirasjonsteoretikarar meiner han vart teken av dage i fengselet fordi han sat inne med kompromitterande opplysningar om rike og mektige personar. Det er klart at han kjende både Donald Trump og Bill Clinton.

Det blir leitt etter Ghislaine Maxwell både i USA og i Storbritannia, men ho er sporlaust borte.

Viktig hjelpar

Jeffrey Epstein

Jeffrey Epstein døydde på cella si i fengselet i august i år.

Foto: AP

Ghislaine Maxwell (57) var lenge sambuar med Jeffrey Epstein, og på mange måtar var ho ein viktig hjelpar for han til å kome inn i dei høgare sirklane av New York-sosieteten. Epstein var opphavleg matematikar, og ved hjelp av ein uvanleg god sans for tal og statistikkar slo han seg opp som aksjehandlar på Wall Street.

Ghislaine Maxwell er dotter av den ein gong så mektige britiske aviskongen Robert Maxwell, som blant anna eigde tabloidavisa Daily Mirror. Seinare kjøpte han også storavisa New York Post.

Maxwell døydde etter eit mystisk fall frå luksusbåten sin «The Lady Ghislaine» i 1991. Etter hans død vart det oppdaga at det mangla 460 millionar pund, rundt 5,5 milliardar norske kroner, frå pensjonsfonda i selskapa han eigde.

Robert Maxwell hadde ni born, og Ghislaine var den yngste, og etter det mange seier var ho favoritten hans i barneflokken. Dei to skal ha stått kvarandre svært nær, og ifølgje den britiske avisa The Guardian gjekk faren sin død tungt inn på henne.

Robert Maxwell.

Mediemagnaten Robert Maxwell om bord i yachten sin på Madeira i 1991.

Foto: Reuters / Reuters

Britisk overklasse

Bakgrunnen hennar bar preg av solid britiske overklasse. Ho er utdanna ved Marlborough College og ved Universitetet i Oxford. Det blir sagt om henne at ho er utdanna både som helikopterpilot og ubåtpilot, og at ho snakkar fire språk flytande.

Ghislaine flytta til New York i 1991, i samband med at faren kjøpte The New York Post. Ho gleid rett inn i New York-sosieteten, og ho bygde seg opp eit like imponerande kontaktnett her som ho hadde i London.

For Jeffrey Epstein var ho perfekt. Han hadde rikeleg med pengar, men pengane hans var nok i første omfang litt for ferske til at han kunne få innpass i dei høgste sirklane. Ghislaine Maxwell hadde den sosiale statusen, men ho stod truleg ikkje like økonomisk fjellstøtt då økonomirotet i faren sine selskap vart oppdaga.

Saman var dei to dynamitt, og ifølgje forfattaren Tom Bower, som skreiv biografien om Robert Maxwell, var Epstein og Ghislaine Maxwell gjensidig avhengige av kvarandre. Ho av pengane hans og han av kontaktnettet og den sosiale posisjonen hennar.

Sjå BBCs dokumentar om prins Andrew og Epstein-skandalen:

Tvang den overgrepsdømde Jeffrey Epstein 17-åringen Virginia Roberts til sex med prins Andrew? I eit mykje omtala intervju fortel ho no historia si.

Tvang den overgrepsdømde Jeffrey Epstein 17-åringen Virginia Roberts til sex med prins Andrew? I eit mykje omtala intervju fortel ho no historia si.

Omfattande kontaktnett

Kontaktnettet hennar var så omfattande at det er lettare å nemne dei rike og mektige ho ikkje vanka saman med, enn dei ho heldt seg saman med. Ho kjende Bill Clinton godt, ho gav pengar til valkampen til Hillary Clinton, og ho var gjest i dottera Chelsea Clinton sitt bryllaup.

Det finst bilete av henne saman med Arianna Huffington (Huffington Post), Elon Musk og Michael Bloomberg. Ho kjende Donald Trump og medlemer av Kennedy-familien. I Storbritannia var ho ofte gjest hos prins Andrew på dei kongelege eigedomane Windsor Castle, Balmoral og Sandringham, ifølgje The Guardian.

Fleire av kvinnene som har skulda Jeffrey Epstein for å ha misbrukt dei som unge jenter, har også fortalt at det var Ghislaine Maxwell som rekrutterte ungdomane til å jobbe for sambuarparet. Det starta gjerne som hjelp i huset eller med massasje, og så utvikla det ifølgje kvinnene til seksuelt misbruk.

Virginia Roberts Giuffre.

Virginia Roberts Giuffre fortalde i eit intervju med BBC at Jeffrey Epstein betalte henne for å ha sex med prins Andrew. Prinsen nektar for å ha møtt kvinna.

Foto: AP

Prins Andrews fall

Virginia Giuffre er ei av desse kvinnene. Ho har fortalt at Jeffrey Epstein betalte henne for å ha sex med britiske prins Andrew. Han seier på si side at han ikkje kan hugse å ha møtt henne, men likevel har saka fått følgjer for posisjonen hans i det britiske kongehuset.

Han stod fram for å fortelje sin versjon av historia i eit TV-intervju, men han kom langt frå bra frå det . Frå å vere donning Elizabeth sin favoritt har han ikkje lenger offisielle oppdrag for kongehuset .

SISTE NYTT

Siste nytt