Hopp til innhold

Video starta nye valdelege samanstøytar i Beirut

Seint måndag kveld støtte tilhengarar av Hizbollah og Amal-partiet saman med opprørspoliti i Beirut i Libanon.

Dei valdelege samanstøytane oppstod etter ein video på sosiale medium som kritiserer det sjiamuslimske leiarskapet. I videoen fornærmar ein mann mellom anna sjia-imamar, Hizbollah-leiarar og tilhengjarar av Amal-partiet.

Sinte demonstrantar strøymde ut i gatene i Libanons hovudstad, og politiet svarte med tåregass for å spreie dei.

Gatene i sentrum av Beirut såg ifølgje nyheitsbyrået DPA ut som ei krigssone dekt med steinar og metallgjenstandar. Tåregassen låg som eit teppe over området.

  • Vil du har nyhetsbrev fra NRK Urix? Klikk her.

Ba folk forlate gatene

Det libanesiske sivilforsvaret opplyser på Twitter at det har behandla 43 innbyggjarar for skadar. 23 personar er frakta til sjukehus.

Demonstrantane ropte at ingen får angripe Hassan Nasrallah og Nabih Berri som er leiarar for Hizbollah og Amal-partiet. Lokale medium viser òg bilde av folk som roper «sjia, sjia».

Opptøyer i Libanon 17. desember

Minst 130 menneske har vorte skadde i opptøyer den siste tida i Libanon.

Foto: Bilal Hussein/AP / NTB Scanpix

Både Hizbollah og Amal-partiet har bede tilhengjarane sine om å forlate gatene umiddelbart. Ei liknande oppfordring gjekk ut i oktober. Då tok Hizbollah-leiar Hassan Nasrallah avstand frå demonstrantane og kravet deira om avgangen til regjeringa.

Det har vore ei anstrengd stemning i Libanon sidan midten av oktober då motstandarar av regjeringa starta demonstrasjonane. Motstandarane representerer ulike religiøse grupper.

Valdeleg helg

Nye demonstrasjonar og opptøyar oppstod i helga i fleire libanesiske byar. I Beirut vart minst 130 menneske skadde i harde samanstøytar mellom demonstrantar og opprørspoliti.

Regjeringa i Libanon kunngjorde at den vil gå av 29. oktober, etter fleire veker med omfattande demonstrasjonar mot korrupsjon og med krav om demokratiske reformer.

Måndag skulle president Michel Aoun starte regjeringskonsultasjonar med dei politiske partia i landet. Desse samtalane er utsette til torsdag 19. desember.

SISTE NYTT

Siste nytt