Hopp til innhold

Verste varmen på minst 140 år i Shanghai

Ei uvanleg kraftig varmebølgje rammar den kinesiske finanshovudstaden Shanghai. Folk søkjer tilflukt over alt det er mogleg å svale seg ned, som i mørke trappegangar og butikkar med air condition.

10 menneske er rapportert døde som resultat av den kvelande varmen, som er den verste på minst 140 år. Dei siste dagane har det vore temperaturar på rundt 40 grader i millionbyen, og i dag var niande dagen på rad med slike temperaturar.

Varmebølgje i Kina.

Utmatta menneske legg seg ned over alt der det er håp om litt skugge.

Foto: PETER PARKS / Afp

Leng Guangming, talsmann for helsevesenet i Shanghai, stadfestar at ti menneske har mist livet som eit direkte resultat av varmen. Overfor nyheitsbyrået AFP kunne han ikkje gå meir i detalj om dødsfalla.

Overfylte basseng

Det er rett og slett umogleg å opphalde seg i sola. Folk strøymer til symjebasseng, elvar, butikkar og kva det måtte vere som kan gi litt avkjøling. Symjebassenga er meir enn overfylte, men folk har ikkje mist humøret av den grunn.

– Det er så mykje folk her, det er som ei gryte fylt av kokande eple. Men til fleire ein er, til hyggjelegare blir det. Ikkje sant?, seier ei kvinne som har søkt tilflukt i det overfylte bassenget.

Ei møbelforretning med aircondition i Shanghai opplevde å bli nærmast storma av utmatta menneske. Folk la seg i utstillingssengene, okkuperte stolar og sofaer medan dei naut dei svalande pusta frå kjøleanlegget.

Ikkje berre Shanghai

Det er ikkje berre Shanghai som er ramma. I Pianyan i den sentrale delen av landet flytta fleire hundre bord ut i ei skuggefull elv, der gjestane kunne sitje med føtene i vatnet.

Det er meldt at bilar har byrja å brenne på grunn av varmen i byane Hangzhou og Taizhou, skriv lokale aviser.

Det har vore offisielle temperaturmålingar i Kina sidan 1873, og denne varmebølgja er altså den verste i desse målingane si historie.

Tusenvis av kinesere søker avkjøling i badebassenger.

SE VIDEO: 12.000 besøker dette badebasset hver dag i håp om å bli avkjølt.

SISTE NYTT

Siste nytt